Seint onsdag kveld blei det inngått ein avtale om samarbeid mellom Sp, SV og Ap. Saman får dei tre partia seks av ni representantar i formannskapet.

Avtalen inneber også langt på veg eit forpliktande samarbeid om politiske saker. Mellom anna er det klart at det ikkje blir aktuelt å selje kommunens eigardel i Sunnfjord Energi den kommande valperioden.

Kommunevalet i Førde førte til eit politisk jordskjelv. Ap gjekk kraftig tilbake, medan SV fekk ein enorm framgang og enda som største partiet i kommunen.

Nye ordførarar

Også i ei rekkje andre kommunar i Sogn og Fjordane blei valet av ordførar avgjort i går. I Balestrand gjorde forhandlingar at sitjande ordførar Åse Kari Einevoll (V) ikkje fekk fornya tillit. Erland Fagermoen (KrF) tek over ordførarklubba.

Erik Lidal (Sp) blir ordførar i Vik dei neste fire åra. Og i Eid går Gunvald Ludvigsen (V) frå direktørkontoret på sjukehuset til ordførarkontoret. Både i Vik og Eid hadde dei sitjande ordførarane takka nei til attval.

I Jølster, Flora og Stryn blei konstitueringa langt på veg proforma med fornya tillit til Gerd Dvergsdal (Sp), Bente Frøyen Steindal (Ap) og Nils Støyva (Ap).

Isfront i Sogndal

I ei rekkje andre kommunar var det utover kvelden i går møte om fordeling av verva dei kommande fire åra. I fleire av kommunane er konstitueringa vanskeleg.

Mellom dei er Sogndal, der det i følgje Sogn Avis er isfront mellom dei to største partia, Ap og Sp. Ap hjelpte Jarle Skartun (Sp) til å halde fram som ordførar for fire år sidan. No vil dei ha betalt tilbake, i form av at Clara Øberg kan setje seg i ordførarstolen. Men Sps Karen Marie Hjelmesæter nektar å gje seg i kampen om ordførarklubba.

— Etter å ha hjelpt dei til makta for fire år sidan, blir vi no behandla som luft, sukkar Ap-leiar i Sogndal, tidlegare stortingsrepresentant Astrid Marie Nistad.