Meir enn kvar fjerde veljar ville røysta Senterpartiet dersom det var fylkestingsval i dag, viser fylkesmålinga for Sogn og Fjordane som Respons Analyse har utført for BT og NRK.

Dei raudgrøne samlar framleis to av tre veljarar i fylket, slik dei gjorde i førre måling i oktober. Men internt i den raudgrøne blokka har det skjedd utskiftingar.

— Dei to store rørslene vi ser i målinga, er at Arbeidarpartiet går tilbake med nesten fem prosentpoeng og Sp går tilsvarande fram. Elles er det små endringar, seier seniorkonsulent Idar Eidset i Respons Analyse.

Sp vil ha ordførar

Med 27 prosents oppslutning trugar dermed Sp igjen Ap i kampen om å bli største parti i Sogn og Fjordane. Den kampen kan bli viktig for fordelinga av verva, ikkje minst for kven som skal bli fylkesordførar.

Eit slikt valresultat ville gjeve Senterpartiet 11 mandat i fylkestinget. Arbeidarpartiet, som i førre måling var klart størst, ville fått 13 mandat.

Sps fylkesleiar, Karen Marie Hjelmeseter, er klar på ambisjonane for partiet i haustens val.

Førebur valkampen

— Skal vi bli største partiet i fylket, få fleire ordførarar og få att fylkesordføraren må vi bruke tida fram til valet godt. Vi må ha ein sterk organisasjonen og ein god eller svært god valkamp, sa Hjelmeseter då ho tala på Sps fylkesårsmøte nyleg.

Partibarometer sogn april 2015.pdf
knut Hjortland

Sp og Ap har tradisjonelt veksla om å ha fylkesordføraren i Sogn og Fjordane. Ein må tilbake til 1991 for å finne ein ordførar frå eit anna parti, Høgre-mannen Julius Fure. Denne perioden har Åshild Kjelsnes (Ap) vore ordførar.

— Veldig god måling

Sps fylkesordførarkandidat er Jenny Følling frå Gaular, i dag varafylkesordførar.

— Dette er ei veldig god måling. Eg trur ikkje me har vore i nærleiken av ei sånn måling tidlegare, seier ho.

Sp er nemleg kjend for å gjere betre val enn målingar i Sogn og Fjordane. Spesielt i fylkestingsvalet har det vore mange som har bytta til Sp under sjølve valkampen.

— Viss vi har same tendens i år, blir det eit svært godt val, seier Følling.

- Reaksjon på reformer

Ho trur Sp-framgangen er eit resultat av dei mange reformene og omorganiseringane som regjeringa har føreslått.

— Der blir det plukka vekk oppgåver frå Sogn og Fjordane: Politi, fiskerikontor og fleire andre kompetansearbeidsplassar skal ut av fylket. Den blåblå politikken slår tungt ut i Sogn og Fjordane, og vi er nok partiet som har størst truverd i distriktspolitikken. Eg merkjer meg at Ap sit veldig stille i båten, seier Følling.

- Viktig å bli størst

— Krev du vervet som fylkesordførar viss Sp blir største parti?

— Det handlar først og fremst om å gjere eit godt val. Då har ein styrke til å forhandle om posisjonar. Det er veldig viktig for oss å bli størst i fylket. Vi har vore det før, og det er absolutt innan rekkevidd.

Uansett kjem det til å bli eit solid raudgrønt fleirtal i fylkestinget. Sp, Ap og SV har i dag ein samarbeidsavtale, og ønskjer å halde fram med den etter valet. Med unntak av Venstre, som har ein viss framgang, står dei borgarlege bom fast. Det tydar at Frp gjentek katastrofetala frå oktober, med berre 4,6 prosents oppslutnad.

Bakgrunnstalla syner at det er visse regionale skilnader på veljarane i fylket. Arbeidarpartiet gjer det klart best i Sogn (37 prosent), medan Sp er størst i Nordfjord (29 prosent). Høgre gjer det sterkast i Sunnfjord (16 prosent), der dei to bykommunane Førde og Florø ligg.

Høgre har i denne målinga det siste mandatet, mens Ap er nærmast til å ta dette, opplyser Idar Eidset i Respons Analyse.