Partileiar Åslaug Haga understreka på landsmøtet at dagens kommunar ikkje er noko mål i seg sjølv. Kommunegrensene skal berre vera eit reiskap for å få til gode lokal samfunn.

I ei samtale med BT tek Hordalands nyvalde representant i sentralstyret, Per J. Jordal, til ordet for det same.

— Vi skal ikkje halda fram med dagens kommunestruktur for ein kvar pris. Det kan vera kommunar som er inndelt slik at også samanslåing av og til kan vera fornuftig, seier den 35 år gamle advokaten som steller med arbeidsrett.

Men han vil ikkje nemna nokre døme på kommunar som kunne fungera betre om dei vart slått saman.

— Senterpartiet vil ikkje seia nei til lokale initiativ til samanslåing. Poenget er at forslaga må koma frå kommunane sjølv. Staten skal ikkje overstyra kommunepolitikken.

For ein senterpartist er det lokale sjølvstyret eit prinsipp.

— Ønskjer to kommunar å slå seg saman, skal ikkje Senterpartiet gå i mot det, seier han.

Ingen samanslåingsiver

Jordal synest ikkje han har merka same samanslåingsiveren blant Høgreordførarane ute i distrikta som han merka seg hjå kommunalminister Erna Solberg.

— Kommunalministeren har mellom anna teke til orde for at kommunane i Indre Hardanger burde slåast saman. I Ullensvang Herad kor ordføraren er Høgremann, har dette ikkje vore noko tema. Derimot har dei senterpartistyrte kommunane, Granvin og Ulvik demonstrert god senterpartipolitikk ved å utvikla eit tett samarbeid over kommunegrensene, seier han.

— Fridom til ein viss grad sjølv å fastsetja skatteøret.

— Meir bruk av folkeavstemmingar.

Dette skal vera to av grunnpilarane i den nye kommunepolitikken til Senterpartiet.

— Kommunar som ønskjer å prioritera bestemte utbyggingsprosjekt som ein ny idrettshall eller nytt kulturhus, må få fridom til å gjera det. Det kan til dømes skje ved at kommunen får høve til å auka skatteøret i ein viss periode brukt på konkrete prosjekt. Omvendt må kommunane få handlefridom til å kunna prioritera skatte- og avgiftslette dersom dei finn det viktigast.

— Vi må finna eit system som gjer at kommunane får større sjølvråderett. Når staten sviktar med overføringane må dette skje ved at kommunane får behalda meir av skatteinntektene. Ikkje minst gjeld dette selskapsskatten som i dag ofte går til Oslo. Mange lokalpolitikarar kjenner seg heilt makteslause når staten legg alle premissane for vedtaka dei gjer, seier Jordal.

Han understrekar at ein viktig føresetnad for det kommunale sjølvstyret må vera at dei einskilde kommunane må akseptera at det utviklar seg lokale forskjellar kommunane i mellom.

Rådgjevande folkerøysting

— Det er også på tide at innbyggjarane i kommunane sjølv får bestemma kva oppgåver dei ønskjer å prioritera. Difor må vi i langt større grad nytta oss av rådgjevande folkerøysting enn vi gjer i dag. Det vil styrka lokaldemokratiet, seier Jordal.

— Er ikkje dette god Framstegspartipolitikk?

— Nei, føresetnaden er at alle innbyggjarar i kommunane må vera sikra ein minstestandard på teneste gjennom overføringane frå staten. Men ønskjer det einskilde kommunestyre å prioritera bestemte område, må det vera høve til det.