Avtalen som blei inngått grytidleg tysdag, inneber at den store valvinnaren, Senterpartiet, bryt samarbeidet med dei borgarlege partia som gav Nils R. Sandal ordførarvervet for fire år sidan.

— Dette er eit bevis på at vi i Sp no står nærare Ap og venstresida i politikken enn dei borgarlege partia, seier fylkesleiar Liv Signe Navarsete.

Avgjerda om konstitueringa i Sogn og Fjordane skjedde før det endelege valresultatet var klart. Først møtte partileiinga dei gamle samarbeidskameratane i Høgre, Venstre og Kristeleg Folkeparti. Der gjorde dei det klart at det ville bli forhandlingar med Ap.

— Ap starta med å tilby oss fylkesordføraren. Då var det i grunnen greitt. Det er trass alt lettare å forhandle med eitt parti enn tre, seier Navarsete.

Ho nemner også fleire konkrete saker som gjer det meir naturleg å samarbeide til venstre enn med dei borgarlege partia. Som at Høgre går inn for å leggje ned fylkeskommunen, og at dei i Sogn og Fjordane har gått inn for sal av fylket sine store og lukrative eigardelar i Fylkesbaatane og Sogn og Fjordane Energi.

Det endelege valresultatet i Sogn og Fjordane var først klart ved middagstider i går. Sp enda på utrulege 28,8 prosent og får 12 representantar i det nye fylkestinget. Ap og Venstre heldt stillinga, medan SV og Frp ikkje fekk den framgangen dei hadde trudd. Valnatta stadfesta nok ein gong Frps valkompleks i fjordfylket: Gode meiningsmålingar blir følgd av skuffande valnetter.

Dei store taparane i Sogn og Fjordane er likevel Høgre og KrF. Begge partia gjekk tilbake 4,4 prosentpoeng, og begge misser to mandat i fylkestinget. For KrF er tilbakegangen katastrofal samanlikna med stortingsvalet for to år sidan. Då fekk partiet 16,3 prosent, no enda dei på 7,2.