Gulating lagmannsrett tok mandag fatt på ankesaka etter drapet på Mølstertunet måndag 4. oktober 1999. Men først tysdag i komande veke står det avgjerande slaget mellom dei psykiatrisk sakkunnige.

Fram til den tid skal også lagmannsretten arbeida seg gjennom prova for at det er rett mann som er tiltalt for ugjerninga. Endringa i strategi frå heradsretten kunne likevel merkast på det tiltalte la vekt på i forklaringa si.

Kritikk mot politiet

Den no 50 år gamle tiltalte retta i går kritikk mot politiet for ikkje å ha gjengitt han korrekt i politiforklaringane, særleg dei første av i alt 13.

— Dei «lastar inn» informasjon som dei meiner må vera med, men som eg neppe har sagt. Og dei utelet ting eg har sagt fordi dei veit at det ikkje kan vera rett, sa tiltalte.

Han antyda dermed at fleire absurde utsegner han kom med, ville ha gitt psykiatrikarane meir å halda seg til, dersom politiet hadde skrive alt i rapportane.

— Kan du nemna døme? oppfordra aktor, statsadvokat Randi Gabrielsen.

— Dei har ikkje nemnt at eg trudde sjåføren eg fekk skyss med hadde kvitt hår med korketrekkarkrøllar. Politiet visste kven som køyrde, og han ser ikkje slik ut. Eg undra meg over at ungar var ute når det var nattemørkt, men det er utelete i avhøyret, sikkert fordi det var midt på lyse dagen, sa tiltalte.

Drakk mindre

Han meinte også å ha drukke mindre øl enn det går fram av forklaringane. Forsvararen, Odd A. Drevland, varsla i går at han ville føra professor Arne Holte ved Universitetet i Oslo som sakkunnig på kva søvnløysa døgna før drapet kan ha påverka tiltalte.

Drevland varsla også at han ville legga meir vekt på kva tiltalte har fått med seg av hendingane, kva han har vore medviten om.

Hovudregelen er at ingen kan straffast for det ein gjer medvitslaust. Men det er unntak for sjølvskulda rus. I den første fråsegna frå psykiatrikarane Jan Øystein Berle og Terje Andersen heiter det at «større vekt (enn sjølvskulda rus) må tillegges den betydelige søvndepresjonen som må antas å foreligge».

På dette grunnlaget sleppte Høgsterett mannen ut av varetektsfengsel. Men etter kort tid vart han taua inn att fordi han drakk øl, og kona kjende seg truga. Under hovudforhandlinga i Voss heradsrett endra dei same sakkunnige fråsegna i tiltalte sin disfavør. Dei andre sakkunnige meinte at han ikkje var medvitslaus, men hadde sterkt nedsett medvit på gjerningstidspunktet.

Dramatikk

Retten vil i dag få høyra om dramatikken då tiltalte på leiting etter kona kom heim til svigerinna i Hamrane 10 på Voss. Kari Aalvik greidde å opphalda han til kona fekk stikka av.

Aalvik sin ni år gamle son vart vitne til ein trugande og dramatisk situasjon i heimen, og sambuaren hennar lytta i open mobiltelefon. Så køyrde Aalvik tiltalte til Mølster, der sjansane var store for å møta kona hans, dersom ho var på veg heim.

Det var ho ikkje, og det kan vera at tiltalte då forstod at han var lurt. Han stikk Kari Aalvik med kniv inne i bilen, berre 20 meter frå ei skrekkslagen 13-årige jente som luftar hunden sin.

SAKKUNNSKAP: Førsteamauensis Hans jakob Stang (t.v.) og professor Berthold Grünfeld skal observera tiltalte i lagmanssretten saman med sine psykiatrikollegar Jan Øystein Berle og Terje Andersen, som her samtalar med forsvareren advokat Odd A. Drevland. Til venstre for han sit advokat Tove Mæland, som er bistandsadvokat for Kari Aalvik sine etterletne. FOTO: KNUT EGIL WANG.