Tysnes er blant kommunane som på papiret handhevar bu— og driveplikta strengt. Men kommuneleiinga veit ikkje om dei som overtek bruk faktisk bur på garden minst halve året slik lova krev.

— Vi driv ikkje dyneløfting, seier jordbrukssjef Sæbjørn Humlevik til Bergens Tidende.

Buplikta kan etterlevast med å senda inn ein spesifisert plan som viser kva tid ein overnattar på eigedommen minst 50 prosent av årets netter.

— Det er ei tåpeleg ordning departementet innførte. Eg kan ikkje kontrollera at det er varmt i sengene klokka tolv om natta. Ser overnattingsplanane greie og ryddige ut, har me ikkje anna val enn å godkjenna dei, seier Humlevik. Som trur det kan koma i strid med personvernet å driva slik sengekontroll.

— Det er synd at buplikta kan oppfyllast på denne måten, for dermed blir ofte gardane ferieeigedommar. Andre som er på jakt etter gardsbruk, og som har relevant utdanning, får ikkje tilgong på eigedom. Me har mange slike tilfelle, seier jordbrukssjefen.

— Eg synest ikkje me har vore for strenge. Men samfunnsutviklinga er slik at me kanskje me må justera praksisen, seier Tysnes-ordførar Helge Hauge (Sp).

— Me har følgt opp lovverket, men har registrert at Tysnes blir oppfatta som restriktiv. Derfor må me gå nokre rundar - blant anna med fylkeslandbrukssjefen - for å sjå om me skal vera mindre strenge i framtida, seier Hauge.