I Kårhuset har vi hengande brukte sukkersekkar, og i ei av sengene ligg det laken og putevar som er sydd av slike sekkar. Dei gamle var nøysame og visste vel korleis dei skulle nytta resursane. Kjem du i Kårhuset vil omvisarane der fortelja om, og visa døme på, korleis dei gamle nytta dei brukte sukker— og mjølsekkane.

I eldre tid var det innkjøpslag i Fyllingsdalen og folk på gardane kjøpte inn hushaldningsvarer ”i stort”. Sukker, salt og mjøl vart kjøpt inn i store sekkar, dei skulle jo både bryggja og baka.

Bleika bort firma og produkt

Sukker- og mjølsekkane var laga av fint, tett bomullstoff som kunne nyttast til mange ulike føremål. Sengkle, handdukar og borddukar, sistnemnde ofte pynta med blondekantar eller med broderier på sjølve duken, men sekkane vart og nytta til skjorter, skjørt og bukser.

Sekkane vart vaska og lagt ut på snøen eller hengt opp i den sterke vårsola og vart bleika slik at firmanamn, og tekst elles, vart bleika bort. Deretter kunne stoffet nyttast som det var til ”kvitevarer” eller ein kunne farga det om ein ville sy seg kleplagg av stoffet.

Eldre folk hugsar at det var butikkar i Bergen som selde slike sekkar i rasjoneringstida etter krigen.

Saltsekkane, som gjerne var noko mindre, vart nytta til å ha andre matvarer i, mellom anna var det praktisk å ha spekeskinka hengande i denne, då held ein både støv og fluger borte frå kjøtet.

Julatablå med forviklingar

Ikkje alltid fall det like heldig ut å bruke mjølsekkar som kle, frå Fyllingsdalen Ungdomslag sitt 100-års-skrift saksar vi denne historia:

Det vert fortalt at på ein julafest nett etter krigen skulle det framførast eit julatablå i Ungdomshuset. På scena sat ”Josef” og” Maria” og i krybba låg” Jesusbarnet”. ”Betlehemstjerna”, som skulle leia dei ”tre vise menn”, gjekk på ein løypestreng frå galleriet og inn på scena til foreldra og barnet.

Om det var ”knute” på løypestrengen eller kva det no kunne vera, ”Betlehemstjerna” hengde seg fast halvvegs fram mot scena.

Han som skulle dra stjerna, måtte sjølvsagt ta ekstra hardt i for å få ho i gang att, med det resultat at stjerna brått løsna, suste avgarde og slo i veggen bak ”Jesusbarnet” med ein smell¿

”Dei tre vise menn”, som var kledd i kjortlar sydd av brukte kveitemjølsekkar (vanleg tøy var mangelvare rett etter krigen) ,måtte sjølvsagt setta ”i galopp” for å halda tritt med leiarstjerna.

Om det var farten på vismennene eller det var det noko umotiverte ”stjerneskotet” som var mest morosamt kan nok diskuterast, men det vert fortalt at det vart stor jubel etter kvart som ”vismennene” vandra fram i salen og publikum bak kunne lesa på ”vismennene” si bakside at dei alle vog ” 100 kg netto”

Aud Sælensminde