— M-m-m, sa tre og eit halvt år gamle Serine idet ho sette til livs ei nysteikt vaffel ved eit salsbord på Bryggen i går. Mamma Ine Minnervini, pappa Salvatore Pandolfo og mormor Eva Lande Bordewich tok veslejenta med til sentrum då for å oppleve matfestivalen. Den norsk-italienske familien er van med å handla mat på marknadsplassar i Sicilia. Ine og Salvatore synest det er flott å gjera innkjøp på denne måten, trass i eit høgare prisnivå i Noreg enn i Italia.

Honning og geitepølse

— Dette er veldig kjekt og sosialt for oss i lauget, seier Arvid Rasmussen (67) i kokkelue på Bergenskokkenes Mesterlaug sin stand lengre borte. Den pensjonerte Tine-kokken stod og skar opp kjøt frå eit lam slakta på det mobile gardsslakteriet som blir presentert under årets matfestival.

— Dette er ei biinntekt, sa Jan Lars Nesje med eit breitt smil. Stryningen bak Breheimen Naturprodukt delte ut ulike typar gardsprodusert honning, og geitepølse. Nesje er til dagleg mjølkebilsjåfør, men får også tid til å dra rundt og presentera og selja produkt frå familien sin gard. Han er i år med på sin fjerde matfestival i Bergen.

For lite varer

Bønder i byd'n-arrangementet har vakse år for år sidan første festivalen i 2002. Det som starta med tolv utstillarar den gongen, er blitt om lag 90 denne helga. Ifølgje festivalsjef Gunnar Nagell Dahl er potensialet mykje større. Problemet er at mange gardsmatprodusentar har for smale produktspekter og for lite varer å tilby gjennom ein tre dagar lang festival.

— Eg har registrert eit nettverk med i alt 250 produsentar i Hordaland. I Sogn og Fjordane er det kring 100. Vi må få til ei nystarting av prosjektet, slik at fleire kjem skikkeleg i gong med produksjon, seier Nagell Dahl. Dei fleste er ein- eller tomannsbedrifter, og ønskjer ikkje å bli større av di kostnaden med å tilsetja folk er for høg.

Bondens Marked

Prosjektet Bondens Marked, eit alternativt torg der forbrukarar fleire gonger i året kan kjøpa mat direkte frå produsent i mange norske byar, er ikkje blitt den suksessen som landbruksorganisasjonane, Innovasjon Norge og Landbruksdepartementet hadde tenkt seg. Samla omsetnad i 2003 var 5,5 millionar kroner, som auka til 10 millionar i 2004 og 13 millionar i 2005. Det er langt unna eit mål på 250 - 300 millionar kroner.

— Det går rette vegen, og Bergen er sjølve flaggskipet vårt, seier Aina Bartmann i Bondens Marked.

Tobro Hilde
Tobro Hilde
Tobro Hilde