Det er den geologiske rapporten om Sotrasambandet som fører tunnelen med det klingande namnet D8 opp på ein klar fyrsteplass.

— Dette har vi visst heile tida, seier Per Tore Bø, talsmann for 30 velforeiningar på begge sider av Sotrabrua. Bø gjer det klårt at alle 30, ca. 10.000 menneske, er budde på å slåst mot bru. Dei meiner ei hengebru av den storleiken det er snakk om vil rasera store bustadmiljø på begge sider.

— Vi er og klår over at dagens Sotrabru kan verta reservert for kollektivtrafikk når ein firefelts tunnel er ferdig. Det vil bety omvegar for alle dei som i dag bur nær brua, og som skal køyra eigen bil over til andre sida. Men dette godtek vi for å sleppa ei ny bru, seier Per Tore Bø.

Trudde på tunnelen

Planansvarleg for Sotrasambandet hjå Statens vegvesen, Lilli Mjelde, seier at dei lenge har hatt eit særleg auga nett til denne tunnelen. Alle geologiske data vart tekne opp i fjor sommar. I ei oppsummering frå januar i år skriv Statens vegvesen at dei arbeider særskilt med denne tunnel D8.

Lilli Mjelde er såleis nøgd med at dei endelege konklusjonane stadfester det vegvesenet har trudd lenge.

Men kva dette får å seia for Statens vegvesen si endelege tilråding i sommar - ny bru eller tunnel mellom Sotra og Bergen - det vil Lilli Mjelde ikkje uttala seg om.

Einaste godt egnede

Tunnelen som peikar seg ut går frå Storavatnet, svingar seg i ein dobbel S gjennom ein fjellrygg rett sør for Sotrabrua og endar i Arefjord på Lille-Sotra.

I rapporten står det at dette tunnelalternativet er det «eneste godt egnede» av dei tunneltraseane som er teikna inn på kartet mellom Bergen og Sotra.

Tunnelen er attpåtil den kortaste av alle dei innteikna traseane.

I praksis betyr det at det endelege trasevalet mellom Storavatnet i Bergen og Straume på Lille-Sotra no står mellom denne eine tunnelen og ei fire felts hengebru.

I den grad prisen spelar ei rolle i denne saka, vil ei bru truleg ha små sjansar til å koma velberga gjennom den politiske handsaminga til hausten. Ei hengebru med fire køyrefelt og kolossale brutårn vil truleg hamna i same prisklasse som Hardangerbrua, altså rundt 2 milliardar kroner.

Tunnel billegast

Tunnelane på begge sider vil vera av klasse med Ringveg vest-tunnelen. Byggjeleiar John Ove Bjørge opplyser at prisen pr. kilometer tunnel på Ringveg vest ligg på godt og vel 100 millionar kroner.

Overført til Sotrasambandet betyr det 300 til 600 millionar kroner til tunnelar fram mot brua på begge sider.

Då er vi på 2,5 milliardar kroner mellom Storavatnet og Arefjord.

John Ove Bjørge meiner at den undersjøiske tunnelen til Sotra nok vil kosta meir for kilometeren. Men 140-150 millionar kroner får greia seg, seier han.

Med 5,6 kilometer vert det mellom 800 og 900 millionar kroner for den undersjøiske tunnelen som vert framheva i geologirapporten.

Tunnel eller bro? Si din mening i kommentarfeltet under!

KRYSSET VED STORAVATNET: Herfrå kan det i framtida kome tunnel til Arefjord, Lille Sotra.
Bergens Tidende