— Me byrjar med prosjektering no, og håpar å vera ferdige med arbeidet i løpet av året, seier distriktsvegsjef Olav Finne til BT.

Vil hindra hopp

Høgare rekkverk på Sotrabrua er ein del av eit prøveprosjekt i regi av Vegdirektoratet. Målet er å hindra at folk tek sitt eige liv ved å hoppa frå bruene.

— Ein veit at fleire personar har tatt livet sitt ved å hoppa frå Sotrabrua, seier Finne.

Han fortel at prosjektet kom i gong fordi ein i Vegdirektoratet diskuterte kva som kunne hindra sjølvmord. Tromsøbrua og ei bru i Fredrikstad har allereie fått høgare rekkverk. Anne Helen Hansen, kommuneoverlege i Tromsø, seier til Aftenposten at det nye rekkverket på Tromsøbrua allereie har redda liv.

Tre millionar kroner

BT skreiv i 2003 om at Vegdirektoratet den gong verken ville sikra Askøybrua eller Sotrabrua betre. Svaret var den gong at personane som ferdast på brua var så godt sikra som det let seg gjera. Heller ikkje no er det planar om høgare gjerde på Askøybrua.

— Me vil samla erfaring frå dei bruene som har fått høgare rekkverk før me avgjer om fleire bruer vil få slike rekkverk, seier Finne.

Det nye rekkverket på Sotrabrua har ei kostnadsramme på tre millionar kroner.