JOHN LINDEBOTTEN

Sotrabrua bryr seg ikkje om prognosene til Statens vegvesen. Døgntrafikken over brua skulle vera 25.000 bilar i 2015. Men det året kan vi truleg skriva 35.000, minst, for 25.000 er vi på i dag.

Etter 14 dagar med trafikkmålingar i mars har Statens vegvesen rekna ut at gjennomsnittstrafikken over Sotrabrua vert ca. 24.500 i 2004.

— Verste dagen var torsdag 18. mars, med opning og fest på Sartor senter. Då passerte 28.300 bilar over brua, opplyser Jon Børre Veum i Statens vegvesen til Bergens Tidende. - Men snittet på ein vanleg fredag ligg alt no på 27.300. Så Sotrabrua, ho er sprengt, legg han til.

Det siste året med nøyaktige trafikkmålingar er 1999. Då låg døgntrafikken på 20060. Auken til 24.500 i 2004 betyr at trafikken har auka med rundt 4 prosent år om anna, medan vegvesenet sine prognoser går ut frå ca. 2.2,5 prosent.

Dersom tendensen held seg, må Sotrabrua svelgja unna 31.000 bilar i snitt kvart døgn i 2010.

Det er selskapet Sambandet Sotra/Øygarden - Bergen AS som har bede vegvesenet telja trafikken på Sotrabrua, og det vil skje med jamne mellomrom framover. Selskapet arbeider for å få til eit nytt vegsamband mellom Sotra og Bergen, anten det no vert bru eller tunnel.