— Vi reknar med at dette ikkje vil ha nokon særleg verknad på trafikkavviklinga, men er kanskje litt uroa for dei første dagane. Kanskje rushtida vert litt utvida, seier senioringeniør Gunnar Djuve i Statens vegvesen.

Fartsgrensa over humpane vert 40 km/t, medan normal fartsgrense på Sotrabrua er 60 km/t.

— Farta i rushtida er allereie lågare enn 40 km/t, legg Djuve til.

— Vi er nøydde til å skifta ut betongdekket på undersida av brua. Ein spesialinspeksjon har synt litt armeringskorrosjon, men det er ikkje fare forbunde med dette, seier Djuve.

Dette er det fyrste større reparasjonsarbeidet som vert utført på Sotrabrua. Brua er 35 år gammal. Tidlegare har mindre bitar falle ned frå brutårna. Vegvesenet meiner likevel at dei har god kontroll.

Tjukkare betong Vegvesenet skal repareres er 150 meter lang, og strekk seg frå brutårnet på Sotra-sida og så langt fagverket i stål rekk inn over land. Arbeidet vert delt opp slik at reparasjonsarbeidet går i fem meter lange felt bortetter fagverket. Det skal arbeidast på to felt samstundes.

— Det fyrste som må gjerast, er å fjerna all betongen som dekker armeringa. Til det brukar vi ein slags høgtrykksspylar. Så må det leggjast på ny betong. Dette skjer ved såkalla tørrsprøyting. Då brua vart bygt, var kravet to centimeter betong over armeringa. No er kravet fire centimeter, seier Djuve.

Mobile humpar Dei som køyrer over Sotrabrua vil knapt sjå noko som helst til arbeidet som går føre seg på undersida. Men fartshumpane vil dei nok leggja merke til.

— Felta som er under arbeid må vernast mot trafikken. Derfor legg vi på plass «bruer» over staden der det er arbeid på undersida. Dette er 11 meter lange stålplater med asfaltdekke. Testkøyring på desse bruene har synt at det går bra med 40 km/t, seier Djuve.

Når fartshumpane etter kvart flyttast, må trafikken stoppast. Dette vil skje nattetid, om lag ein gong i veka.

— Vi tenkjer oss at vi stengjer for trafikken i 10 minuttars periodar frå klokka 22 til klokka 01, og opptil ein time om gongen frå 01 til 05.30. Utrykningsbiler vil sjølvsagt få passera.

— Kor lenge vil dette vara?

— Vi trur at arbeidet vil vara til ut i september.

— Vil de ta resten av Sotrabrua neste år?

-Det er ikkje avgjort. Det kjem an på kor mykje pengar vi har. Prisen på dette arbeidet er 12 til 15 millionar kroner, seier Gunnar Djuve.