Kulturminne Fusa 1

Søtost og primost høyrde med til julemattradisjonane i Fusa.

4-5 kilo ostar

Desse ostane var store, gjerne 4-5 kilo. Dei bruka ordet ”to-orts-ost”. Ein skar osten opp i skiver som ein skar over i to eller tre stykkjer når ein la dei på klingefat. Der råda var god, klinte ein smør og sukker på.

— Men elles var søtosten halden grus ogso utan suvl på,” fortel Kari Haga frå Baldersheim. Ho var ein av mange lokale informantar rundt om i landet som trufast svara på spørjelister frå Norsk Etnologisk Gransking om all slags tradisjonsemne.

Dei som ikkje hadde mjølk nok sjølve til å laga søtost, tinga seg juleost i god tid hjå andre. ”Når ein hadde laga søtost so koka ein primost av møsa, so ein ogso hadde primost til jul hos bøndene”.

Lokalhistorisk kunnskapsløft i Fusa

Kommunestyret i Fusa vedtok på budsjettmøtet i desember å løyva pengar til å gjennomføra eit lokalhistorisk kunnskapsløft i fusaskulane. Frå 1.-7. klasse skal elevane gjera seg kjende med sin eigen familie, bygda dei bur i og ei rekkje kulturminne i heile kommunen.

Fusanisto

Dei skal besøkja stader ”der ingen skulle tru at nokon kunne bu”, og dei skal ha felles aktivitetsdagar på husmannsplassen, i klyngjetunet og på embetsmannsgarden.

Det heile endar opp i ei felles leirskuleveke for 7. klassane på Hålandsdalen leirskole. Undervisningsplanen har fått namnet ”Fusanisto”.

Arbeidet vert gjort som ei avslutning på bygdebokprosjektet ”Heilt andre tider”. ”Fusanisto” skal vera del av tilboda gjennom ordninga ”Den kulturelle skulesekken.”

JULAMAT: Her eit fat med søtost og primost. Dei høyrde med som ein del av julemattradisjonane i Fusa.
Ella Marie Brekke Vangsnes
Ella Marie Brekke Vangsnes