Til ankesaka i Borgarting lagmannsrett vil advokat Sjur Vinje presentere rapportar og undersøkingar som viser at trafficking og menneskehandel i Moldova slett ikkje er under kontroll, slik norske styremakter langt på veg hevda i tingretten.

Vinje seier han har oppretta kontakt med organisasjon La Strada som arbeider med å førebyggje trafficking i åtte austeuropeiske land, mellom dei Moldova.

— La Strada har laga rapportar som etter mitt syn viser at styremaktene i landet verken har vilje eller evne til å få kontroll med den omfattande menneskehandelen med kvinner. Dette er det stikk motsette av det som blei hevda frå Utlendingsnemnda i tingretten, seier Vinje. Advokaten utelukkar ikkje at det også kan bli aktuelt å hente representantar frå La Strada til Oslo for å vitne når saka kjem fram for lagmannsretten.