Disponent Arvid Hovland seier til NRK at nokre av dei tilsette har gitt utrykk for frykt, og at dette er medverkande til at Firda Produkt har varsla høgskulen om at dei trekker tilbake praksisplassen til sosionomstudenten.

Praksisen ved den verna bedrifta Firda Produkt går mellom anna ut på å hjelpe dei tilsette til arbeidstrening.

Sosionomstudenten kom til høgskulen i Sogndal i august i fjor, etter å ha sona to tredjedeler av ei fengselstraff på to år for uaktsomt drap ved promillekøyring og visse andre brotsverk.

Høgskulen var ukjent med bakgrunnen inntil studenten nyleg fekk ein dom på ni månader, etter to nye valdshandlingar i Sogndal.

Sosionomstudenten skulle etter planen starte praksisen i Førde i september, i sitt andre år som sosionomstudent i Sogndal.