— Eg vart ganske forbanna. Då eg gjekk av bussen, vassa eg i originaldokument. Det var detaljerte oversikter over namn på leigebuarar, og over kor mykje som var utbetalt til kvar. Eg må seie det er nokså skjødeslaust å miste slike papir midt i vegen, seier Trond Angeltvedt, ein av dei som kom midt opp i dokument-konfettien mandag kveld.

Hektisk aktivitet

Hektisk aktivitet i kommunen mandag kveld avdekte at papira skriev seg frå hospitset i Kjellersmauet 1. Vaktmeisteren hadde mista ringpermar med dei sensitive opplysingane midt i krysset utan å oppdaget det.

— Bakluka på bilen min spratt opp i lyskrysset. Eg stoppa på første busstoppet for å slå igjen luka, men merka ikkje at noko var borte. Det viste seg at ein pose med to A4-permar var falle ut. Eg er grådig lei meg for dette, seier ein ulykkeleg vaktmeister til Bergens Tidende.

Først etter eit par timar fekk han melding om kva han hadde mista rundt klokka 14.

Vil ha ein gjennomgang

Byråd for helse og sosial i Bergen, Helen Nordeide Fløisand, vil ha ein gjennomgang av dokumentrutinene.

— Slikt skal ikkje kunne hende. Dokumenta inneheldt namn og fødselsnummer og andre personlege opplysingar. Den slags skal ikkje kunne kome på avvegar, seier Fløisand. Vi må forsikre oss om at slikt ikkje gjentek seg, seier Nordeide Fløisand.

Vaktmeisteren understrekar at han ikkje plar køyre rundt med den slags sensitive papir i bilen, og at mykje av det som låg og flaut berre var tomme kvitteringsblokker som også hadde ramla ut.

— Eg skulle ha med meg dokumenta til heimekontoret mitt. No håpar eg at eg har greidd å samle opp att alt. Dette var forferdeleg leitt, seier vaktmeisteren.