Alle femåringar som byrjar på skulen i Fjell over sommaren, får opplæring i programmet Zippy. Dette er eit program liknande Friends med systematisk læring av meistringsteknikkar, men er retta mot barn frå fem til sju år.

— Gjennom programmet lærer barna seg sosiale og emosjonelle kunnskapar. I lengste grad er dette tidleg førebygging av sjølvmord og depresjon, seier Høye.

Om vel ei veke møter alle lærarane for dei komande førsteklassane saman med helsesøster for å få opplæring i Zippy.

Zippy er ein del av ei brei satsing på psykisk helsearbeid mot barn og unge som er sett i gang i sotrakommunen.

— Det viser seg at barn med angst og depresjonar ikkje vert fanga opp tidleg nok. Det vil me gjere noko med. Me vil fange opp dei med tidlege teikn på lette tilstandar, fortel kommunepsykolog Anja Høye.

I Fjell vert det no satsa breitt på psykisk helsearbeid mot barn og unge. Eit psykisk helseteam samansett av fagpersonar frå barnehage, skule, PP-tenesta, barnevern, helsesøster og sosialetaten, kort sagt alle som møter barn i arbeidsdagen, jobbar saman om ulike tiltak på ulike nivå for barn og ungdom i Fjell. Tiltaka strekkjer seg frå dei førebyggjande tiltaka som Zippy til alle skuleklassar, til tiltak retta spesielt inn mot dei som allereie har eit problem.

— Trygge og tilfredse barn produserer betre på skulen, seier Høye.

På skular og barnehagar har helseteamet spreidd kunnskap om tidlege teikn på angst og depresjonar. Anja Høye er opptatt av å spreie psykologisk kunnskap ut i skule og barnehagar. Det er dette den australske psykologen Paula Barret gjorde då ho utvikla Friends.

— Friends og Zippy i skulen er ei alminneleggjering av psykologisk kunnskap. Programma kan nyttast ikkje berre innan psykisk liding, men også helsefremmande og førebyggjande, seier Anja Høye.