Vitneavhøyra er derfor utsette til i morgon, opplyser politijurist Cecilie Wiik ved Hedmark politidistrikt.

Ulukka torsdag kveld har gått sterkt inn på dei vel tusen soldatane i Rena leir, og spesielt på dei ti som var i panservogna der 19 år gamle Vegar Steinsland frå Bømlo mista livet under ei øving på Rødsmoen skyte— og øvingsfelt.

Politiet har til no inga forklaring på dødsulukka ut over at Steinsland fekk kanonløpet i hovudet då panservogna var borti eit tre under øvinga. Fredag blei ulukka rekonstruert, og ulukkesvogna, som er av typen CV 9030 blei teknisk undersøkt. Rapporten frå desse undersøkingane er ikkje klar.

Forsvarskommando Øst-Norge har nedsett ein eigen ulukkeskommisjon som starta si gransking av dødsulukka i går.

Vegar Steinsland var dragon i Kampvåpenets utdannings- og kompetansesenter. Den omkomne soldaten blei ført til Vestlandet med eit militært Herkules-fly laurdag. Han blir gravlagt frå Moster kyrkje torsdag.

SOLDAT OMKOM: Vegar Steinsland.
FOTO: PRIVAT