«Vi som er elevar på Sogndal Folkehøgskule ynskjer å gi eit lite bilete på korleis vi opplever den situasjonen vi er i no. Då vi ikkje ynskjer å møte media direkte, har vi laga denne pressemeldinga.

Dei siste dagane har vore veldig tunge og tøffe. Vi elevane er sjokkerte over at noko slikt kunne hende her på skulen. Dei fleste føler både sorg, sinne, usikkerheit, vantru og urettferdigheit. Kjenslene er mange og vi reagerer alle ulikt, men likevel er det rom for alle. Nokre av desse kjenslene kjem også grunna omstendigheitene kring dødsfallet. Det at venninna vår truleg er utsett for noko kriminelt, er sjølvsagt ei stor belastning.

Sjølv om usikkerheita er stor, føler dei

fleste seg likevel ikkje utrygge, nettopp fordi samhaldet her på skulen er utruleg bra. Alle hjelper kvarandre, støttar kvarandre, trøstar kvarandre, føler med kvarandre og passar på kvarandre. Det at vi har så mange kring oss som er i same situasjon, gjer det heile enklare å takle. Når noko så tragisk først har skjedd, kunne vi ikkje tenkje oss ein betre plass å vere. Dette grunna den utrulege måten både medelevar og tilsette har takla denne situasjonen på. Leiinga på skulen har vore fantastiske og alle dei tilsette har stilt opp for elevane. Lærarane er der for oss 24 timar i døgnet og gjev alltid ei hand å halde i eller ei skulder å gråte på. Også kjøkkenpersonalet har vore utruleg flinke og hjelpt oss på best mogleg måte.

Fredag klokka 13.00 hadde vi ei minnestund, der vi fekk ta eit siste farvel ved å tenne lys og skrive i ei minnebok. Vi song «Gje meg handa di, ven», noko som var veldig sterkt og tøft for mange, men samstundes veldig fint. Det var godt å minnast venninna vår saman med medelevar og tilsette på skulen, men det vil alltid vere eit stort tomrom etter ho hos oss alle. Vi vil alltid hugse smilet, latteren og den positive innstillinga hennar.

Vi ynskjer å sende vår djupaste medkjensle til familie, vener og andre pårørande».