Siv Holtan frå Alversund var den yngste av dei fem som omkom i den tragiske helikopterulukka, måndag kveld.

— Det er med djup sorg og stor medkjensle at Lindås kommune har teke imot meldinga om Siv Holtans død, seier Astrid Aarhus Byrknes, ordførar i Lindås kommune.

Kriseteam

Kommunen har engasjert det kommunale kriseteamet, som har teke kontakt med familie og pårørande.

Kriseteamet er eit breitt samansett, fortel ordføraren. Det består av prest, lege, psykolog og ein sjukepleiar.

Vil følgja opp

— Kommunen vil også følgja opp som arbeidsgjevar fordi far hennar er tilsett i kommunen, seier Byrknes.

Han har stillinga som brannsjef i kommunen.