Det manglar ikkje planar for framtidas Bergen. Byen veks, og ein stad må folk bu.

I forslaget til ny arealplan for Bergen, foreslår planavdelinga mellom anna ei kraftig fortetting rundt bydelssenter og lokalsenter.

Langs Ytrebygdsvegen på Søreide er eit av desse lokalsentra, der det skal bli lov til å byggje opp til fem etasjar i ein avstand på 150–200 meter.

720 nye bustader

I ei ny arealanalyse for Søreide tilrår kommunen å byggje heile 720 nye bustader fram til 2030, i eit område der det i dag er 274 bustader.

– Det vil vere ei dramatisk utvikling for eit ganske lite område, seier Kåre Hansen, som sit i Områdeutvalget for Søreide, ein organisasjon som femnar 23 veg— og velforeiningar.

Arealanalysen er viktig, fordi forslag herifrå vil bli innarbeidd i arealplanen, og såleis leggje tunge føringar på utforminga av området i framtida.

Blir som Nesttun

I framtidas Søreide, slik analysen ser det for seg, vil Ytrebygdsvegen bli ei gate. Det er her kring 500 av dei nye bustadene skal kome.

– Det blir noko a la det gatepreget du har på Nesttun, med fem etasjar høge hus med butikkar, kafear og så vidare. Nokon synest det høyrest forlokkande ut, medan andre synest det er eit skrekkscenario, seier Hansen.

Han meiner analysen òg har klare positive sider.

– Eg vil spesielt trekkje fram betre offentleg tilgang til sjøen. Det har vore eit problem at vi som bur på Søreide har sjø alle kantar, men vi har ikkje tilgang fordi den er privatisert, seier han.

Badeplass

I analysen er det mellom anna teikna inn ein badeplass på nordsida av Dolviken. I dag må folk på Søreide reise heilt til Kyrkjetangen for å bade. Det er óg teikna inn gangvegar langs sjøen.

Utanom sentrumsområdet, skal nybygging tilpassast dei bustadene som står der. Det blir med andre ord slutt på bygging av bustadblokker i villastrøka.

Arealanalysen er no ute på høyring, og folk har frist til 13. mars med å seie si meining til kommunen. Heile analysen og anna informasjon finst på heimesida til Områdeutvalget for Søreide (www.soreide.info).