— Før eg gjekk på ferie hadde me 120 heimehjelpsbrukarar, no er me oppe i 180, seier Anne Marit Håversen, distriktsleiar i servicebedrifta City Maid. Det betyr ei omsetning på over tre millionar i året. Etter at Bergen kommune innførte fritt brukarval i heimehjelpstenesta har både større og mindre bedrifter skodd seg godt på desse brukarane.

Pilot satsa på heimehjelp

— Eg har ikkje tvilt eit sekund på at privat heimehjelp er big business, seier Hildegunn Jensen i «En hjelpende hånd». Ho starta opp verksemda for knappe to år sidan då Bergen opna for fritt brukarval i heimehjelpstenesta. No har ho 64 brukarar gjennom kommunen, i tillegg til ein del utanom. Jensen har budd i USA der private heimetenester er i veldig vekst. I Bergen har ho sjølv fått opplevd det same.

— Behovet er veldig stort. Eg har utvida med to deltidsstillingar, fortel Jensen som har ti-femten stykk på venteliste. Med dei 70 brukarane har ho ei omsetning på minst halvanna million i året.

Stor kjøpekraft

— Det er ingen tvil om at kjøpekrafta er stor blant dei eldre, seier eks-piloten. Ho tener meir no enn når ho var pilot.

— Men det er travle dagar og mykje arbeid, påpeikar ho. Jensen meiner ein del vel privat fordi dei vil ha fleire heimebesøk.

— Ofte er det snakk om dei same tenestene som dei kommunale tilbyr, berre hyppigare, seier ho. I motsetnad til dei kommunale kan ho tilby ekstratenester til dei som vil det, og også heimehjelp til folk som ikkje kjem under dei kommunale ordningane.

Ein av ti brukar private

Tal frå kommunen viser at knappe to år etter at ordninga vart innført brukar rundt 8 prosent private til heimehjelp.

— Det er i hovudsak dei nye brukarane som vel private, seier byråd Trude Drevland (H). At dei fleste likevel vel å halda på dei kommunale tenestene ser ho på som positivt.

— Det viser at den kommunale heimehjelpa held mål, og kanskje også at ho blir betra av konkurransen, meiner Drevland. Hjelp i Hjemmet (HH) er det firmaet som ser ut til å tene mest på privat heimehjelp, med rundt 3 millionar i omsetning i året.

— Det har gått veldig fort frå ein brukar til no bortimot 150, fortel Jannicke Semb, ein av dei tre gründerane av HH. Dei tilbyr både heimehjelp og heimesjukepleie.

— I motsetning til reine reingjeringsbyrå legger me kanskje større vekt på omsorg når me tilbyr heimehjelp, seier Semb.

Har konkurransefortrinn

Trude Wester, heimehjelpstalsmann i Servicebedriftene sitt landsforbund, er ikkje i tvil om tydinga fritt brukarval har for dei private heimetenestene.

— Marknaden vår er ikkje satt enno, og at me kan bli ein slags kommunal teneste på heimehjelpsfronten betyr mykje for å overleva, seier Wester. Direktør i Bergen heimetenester, Sølvi Sørebø, er også nøgd med fritt brukarval.

— Dette skjerpar dei kommunale tenestene, meiner ho. Sørebø påpeikar at dei private har fordelar.

— Dei kan tilby tilleggstenester som går utover tilmålt tid og til brukar som ikkje får tildelt heimehjelp, det kan ikkje me.

TILBYR PRIVAT HEIMEHJELP: - Me merkar ei stor interesse for private heimehjelpstenester, og har i dag fem tilsette på dette feltet, seier Anne Marit Håversen, distriktsleiar i heimeservicebedrifta City Maid.
Christiansen, Roar