Etter at det blei plassert ut fire fotoboksar i februar, blei det i 2003 gitt 1684 bøter for fartsoverskriding.

I 101 av tilfella enda det med straffesak og førarkortbeslag fordi farten var høgare enn 116 km i timen.

Den høgast registerte farten var 180 km i timen i den bratte tunnelen under fjorden mellom Sveio og Bømlo/Stord, ifølgje Stord lensmannskontor som administrerer trafikksakene i E 39-tunnelen.