Dronning Sonja og våre andre kongelege måtte takka nei til Festspillene og Bergen i mai. Men til Rosendal drar Sonja 29. mai for å delta i opninga av den 25. Rosendal Musikkfestival.

— Ei stor ære for oss, seier PR-sjef Morten Nygård i Rosendal Musikkfestival.

Festivalleiinga prøvde også midt på 1990-talet å få dei kongelege til å kasta glans over kulturfesten i Rosendal, men fekk nei. Denne gongen sende dei invitasjonen berre til Sonja, og fekk positivt svar frå Slottet 10. februar.

— Vi våga ikkje å tenkja så stort som å invitera kongeparet, derfor innnbydinga til dronninga. Ho har vore i Rosendal før og har ei viss tilknyting til bygda. Dessutan er det kanskje dronninga som mest representerer kongehuset i kultursamanheng, seier Nygård.

Baroni og fjelltur

Heilt sidan Sonja Haraldsen kom inn i kongefamilien i 1968 har ho hatt eit spesielt forhold til Rosendal. Baroniet, naturen og turar på Folgefonna og i fjella rundt Rosendal har lokka.

23. mai 1969 er Sonja første gong innskriven i Baroniet Rosendal si gjesteliste, som kronprinsesse. Ho var i Rosendal saman med dåverande kronprins Harald.

Seinare har Sonja kome tilbake til Rosendal fleire gonger, som privat gjest utan pomp og prakt.

27. juli 1977 hadde kronprinsessa med seg Danmarks dronning Margrethe og hennar familie. Dronning Margrethe og dronning Sonja er begge glade i å gå fjellturar i Norge.

I midten av juni 1980 var Sonja tilbake i Rosendal og overnatta på baroniets slott.

Keisarstien

Sommaren 1981 kom Sonja nok ein gong til Rosendal og baroniet, no etter ein tur over Folgefonna saman med sin mangeårige fjellmedvandrar Claus Helberg, som døydde nyleg.

Sommaren 1986 var kronprinsesse Sonja på vandring att på Folgefonna. I strålande vêr kom ho og følgjet ned Keisarstien til Sunndal i Mauranger før ho var på ein gjestevisitt i Rosendal.

6.mai 1990, mindre enn eitt år før kong Olav døydde, var det meir oppstuss enn vanleg rundt kronprinsesse Sonja sitt Rosendal-besøk enn vanleg. Den gongen kom ho saman med kronprins Harald og storhertugparet av Luxemburg. Sonja, Josephine-Charlotte, Harald og Jean blei køyrde i open karjol frå Skålakaien og opp til baroniet.

God PR

— Det er kjempeflott at dronninga kjem til Rosendal til musikkfestivalen. Det er knall-PR for bygda, og trekkjer truleg ekstra folk hit, seier tidlegare turistsjef i Kvinnherad, Kjartan Pettersen.

— Det er stort av festivalen å få dronninga hit. Ein fin kompensasjon for at kronprinsparet i fjor sommar sigla like forbi Kvinnherad på si offisielle gjesting på Voss, i Hardanger og Sunnhordland, seier Pettersen.

Hos Fylkesmannen i Hordaland får Bergens Tidende opplyst at dronning Sonja si gjesting i Rosendal 29.mai er å sjå på som offisiell. Det fører mykje etikette og grundig planlegging med seg.

Detaljprogrammet er langt frå ferdig. Det er blant anna uklart om dronninga dreg frå Rosendal etter å ha vore med på opninga av sjølve musikkfestivalen i samfunnshuset og av festivalutstillinga i Galleri G Guddal.

PR-sjef Morten Nygård lovar at det skal bli billettar til overs også for «vanleg» publikum på opningskonserten med Terje Rypdal, Palle Mikkelborg og Helen Davies. Men dronninga sitt følgje vil leggja beslag på ein god del stolsete, dessutan har arrangør Rosendal Musikklag sine støttemedlemmer forkjøpsrett på billettar.

TIL BARONIET: 6. mai 1990 gjesta dåverande kronprinsesse Sonja og kronprins Harald Rosendal og baroniet saman med storhertugparet av Luxenburg.<p/>FOTO: PRIVAT