Kongeskipet kasta anker, sjaluppar vart sette på vatnet, og folk i området stussa over synet. Det er berre nokre få dagar sidan kongeparet sist var på offisiell visitt på Tysnes.

Les også:

Traff kongen for andre gang

Men der var ho, dronning Sonja, som steig i land frå den eine sjaluppen.

Ordføraren visste ingenting, men tok turen for å få med seg hendinga då ryktet spreidde seg.

Det var privat besøk denne gongen, og på det private programmet stod Elisabeth Godøys galleri. Også då kongeparet nyleg var på offisielt besøk i Tysnes kommune, stod Galleri Elisabeth G. på programmet.

Galleriet viser for tida utstillinga «Klangbunn», eit samarbeidsprosjekt mellom H.M.Dronning Sonja og kunstnaren Ørnulf Opdahl.

Ei utstilling det er verd å sjå — ein gong til - synest tydelegvis dronninga.

GALLERIBESØK: Dronning Sonja utanfor Galleri Elisabeth G. i Våge søndag kveld.
2211-TIPSER
TIL SJØS: Dronninga kom med kongeskipet som overraskande ankra opp søndag kveld.
2211-TIPSER