• Dette er mitt hjartebarn, sa dronning Sonja då ho var æresgjest då United World College (UWC) i Fjaler feira ti års dag.

I 1995 stod dronninga for opninga av verdsgymnaset i Fjaler. I går var ho tilbake på Hauglandssenteret ved Flekkefjorden for åttande gong. Dronninga har eit heilt spesielt forhold til smeltedigelen 200 elevar elevar frå alle verdshjørne blir kasta opp i kvart einaste år

— Hadde det vore fleire skular som denne, ville kanskje verda vore ein betre stad å bu, sa dronninga då ho blei bedt å forklare det brennande engasjementet ho har for skulen.

Skulens visjon er å føre saman ungdom frå heile verda og byggje bruer over kultur- og nasjonsgrenser. Ein stor del av elevane kjem frå konfliktområde. UWC i Fjaler samarbeider mellom anna tett med SOS Barnebyer i opptaket av elevar. Sidan første kullet tok til i 1995, har nær 1000 elevar frå 120 land gått ved skulen.

Kultur frå heile verda

Eit storslått kulturprogram med dans, song og musikk av elevar og tilsette frå alle verdshjørne var hovudingrediensen i i gårsdagens jubileumsmarkeing for ikkje mindre enn 250 inviterte gjester, elevar og tilsette.

Og sjeldan har så mykje makt vore samla i den vesle sunnfjordkommunen som i går. Ikkje mindre enn tre noverande statsrådar, utviklingsminister Hilde Frafjord Johnson, kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland og fiskeri- og kystminister Svein Ludvigsen benka seg på heidersplass. Saman med dei sat fleire tidlegare ministrar, stortingsrepresentantar og næringslivstoppar.

Kanskje stakk det litt i dei tre statsrådane då leiaren i rådet for skulen, danske Erling Olsen, minna om at det berre var to år sidan den internasjonale skulen stod i fare for å bli lagt ned. Det var då regjeringa til dei før nemnde statsrådane strauk løyvingane til skulen med eit pennestrøk i framlegget til statsbudsjett.

Store donasjonar

På ti-årsdagen fekk også skulen to store donarsjonar. Tobakkskongen Johan H. Andresen gav 1 million kroner til skulen i Fjaler. Han har også tidlegare gitt store pengegåver. I følgje UWC-direktør Magne Bjergene skal pengane truleg brukast som startkapital for bygginga av eit nytt bibliotek. I tillegg blei skulen også gitt disposisjonsrett til eit fond som blei oppretta etter at ein elev ved eit anna UWC omkom i ei ulukke for mange år sidan. Midlane, kring 800.000, skal brukast til å byggje naust og lage kopi av båten som var på Haugland då dette var lensmannsgard. Originalen står i dag på Kystmuseet i Florø.

Gårsdagens feiring blei som seg hør og bør avslutta med bursdagskake. Og kven andre spretta kaka og førte an i bursdagssangen enn dronning Sonja.

DRONNING-BESØK: Dronning Sonja besøkte i går United World College i Fjaler som feirer 10-årsjubileum. Her hilser hun på Shyama Nair fra Singapore i bolighuset Norway House. FOTO: MARIT HOMMEDAL SCANPIX.