JOURNALIST og Geirr Tveitt-biograf Reidar Storaas gjer store auger, når han les Olav H. Hauge sine dagbøker.

I fembandsverket «Dagbok 1924-1994», som Samlaget gav ut i 2000, refererer Hauge ikkje mindre enn nitti gonger til Tveitt.

— Det kom uventa på meg.

For då Storaas arbeidde med biografien «Tonediktaren Geirr Tveitt», skreiv han fleire gonger til Hauge for å be om opplysningar om kontakten og venskapen mellom dei jamaldrande kunstnarane frå Hardanger.

Hauge svarte at Tveitt «var vel den mest sermerkte mann eg hev møtt», og at dei hadde møttest ei rekkje gonger. Dessutan tykte han det var gildt at Tveitt laga tonar til nokre av dikta hans, men det var også alt Hauge fortalde.

I 1990-biografien vart forholdet mellom Tveitt og Hauge omtalt på ei knapp side. Ti år seinare vart Storaas overraska over å oppdaga kor mykje kontakt dei to hadde hatt i ein periode.

— I ettertid har eg tolka Hauge slik at han ikkje hadde hug til å utlevera Tveitt.

I september i år gjev Storaas ut «Mellom triumf og tragedie. Geirr Tveitt, ein biografi». Denne gongen får venskapen mellom Olav H. Hauge og Geirr Tveitt sitt eige kapittel i boka.

DEI ER MODNE MENN , kjende kunstnarar, bur begge i Hardanger og veit godt om kvarandre. Men når Hauge nemner Tveitt fyrste gong i dagboka i 1956, har dei enno ikkje møttest. Hauge skriv at han har høyrt komponisten fortelja om folketonar frå Hardanger på radioen. «Godt. Han var liketil og ekte. Og velsigna folkeleg».

To år seinare fyller Hauge femti år, og får telegram frå Tveitt. Han set stor pris på helsinga. «Eg kjenner han ikkje, og har aldri set honom, men eg tykte mun i det å få helsing frå den mest kjende av alle hardingar».

Først i desember 1961 møtest dei Hardanger-kunstnarane for fyrste gong. Begge er 52 år. Tveitt har byrja i NRK, og kjem til Ulvik saman med programsekretær Steinar Brautaset for å gjera opptak med Hauge.

— Kan radioprogrammet nærmast ha vore eit påskot for å møta Hauge?

— Ja, det trur eg. Tveitt møtte eit menneske han likte umiddelbart, og mykje korresponderte mellom dei to kunstnarsinna. Eg trur dei fann kvarandre på ein felles frekvens med ein gong, seier Storaas.

Etterpå skriv Hauge: «Det var hyggjeleg å møta Geirr Tveitt, det er harding og verdsborgar. Elles litt uroleg no. Det vert slik at ein kjem ut or kvardagslaget, når slikt kjem på».

— Hauge var svært smålåten, og kraup liksom litt under bordet, når det stod storkarar på trappa. Han hadde lese masse, men hadde smått med eksamenar og fullførte ikkje middelskulen. Hauge såg på Tveitt som meir av ein bondearistokrat. Sjølv heldt Hauge seg for å vera arbeidsmann og ugrashakkar, fortel Storaas.

KNUT OLAV ÅMÅS , forfattar av Hauge-biografien «Mitt liv var draum», oppfattar Hauge og Tveitt som svært ulike typar. I boka skriv han at Hauge omtalar Tveitt med reservert frykt.

— Tveitt var mykje Hauge ikkje var. Tveitt hadde sjølvtillit, var utagerande og stakk ikkje kunnskapen sin under stol. Hauge var motsett. Han tvilte på seg sjølv, og nærma seg Tveitt med atskilleg ærefrykt. Hauge såg opp til historiekunnskapane og historiemedvitet hans. Var det noko han beundra, så var det aristokratiske hardangerbønder, og for Hauge framstod Tveitt slik. Samstundes kunne den personlege stilen hans skremma Hauge litt, seier Åmås.

Tveitt var ein uvanleg fascinerande personlegdom med sterke indre motsetnader og omskifteleg temperament, skriv Storaas. Den mest fargerike musikkskaparen i sin generasjon, og truleg den mest produktive.

— Han var ein heilt annan type enn Hauge, og ei kjempe i mange samanhengar. Tveitt makta så mykje, og mitt inntrykk er at han hadde veldig kunstnarisk kraft og intensitet. Han må ha vore sterk, både fysisk og psykisk. Hauge var også sterk fysisk, men hadde problem psykisk, seier Idar Stegane, professor h.v. i nordisk litteratur.

Men det var slett ikkje slik at den eine mannen var innåtvend og den andre utåtvend. Stegane, som møtte Hauge første gong i 1967 og kjende han godt, er oppteken av «den glade Hauge».

— Hauge kunne vera ein ganske lystig kar. Det kjem ikkje fram i Åmås-biografien, som byggjer mykje på den dystrare dagbokgenren. Hauge snakka ofte om Tveitt i lystige vendingar, og lo av at han var så konservativ. Slik var Hauge. Han kunne lage litt moro, når han snakka om folk han likte. Eg trur Tveitt og Hauge hadde det moro i lag.

ULVIK-DIKTAREN blir ofte framstilt som tagal og reservert, men kunne snakka folk i senk, når han kjende seg trygg. Derfor er Stegane slett ikkje sikker på at Tveitt var den som snakka mest, når dei to møttest.

— Hauge kunne vera svært intens, når han snakka om bøker og forfattarar. «Du får orsaka», kunne han seia etterpå, «men eg har ikkje snakka med nokon om litteratur på to månader».

Forfattaren Georg Johannesen, som heller ikkje var skoren for tungebandet, var fortørna etter eit møte med Hauge. Han sa til universitetskollegaen Stegane:

«Du som kjenner han der Hauge, eg traff han inni Oslo, men han hørte ikkje etter ka eg sa, han snakket hele tiden!»

Så fortalde Hauge frå Oslo-turen.

«So trefte eg Georg Johannesen, dao, men han haurde ikkje noko av da eg sa, han berre pratte og pratte heila tide!»

Men, seier Stegane, begge kunne referera nøye kva den andre hadde sagt.

— Dei hadde verkeleg høyrt på kvarandre. Dei var to monologar som trefte kvarandre.

TVEITT VITJA HAUGE fleire gonger i Ulvik, men Hauge kom berre ein gong til Norheimsund. Til gjengjeld gjorde turen i september 1965 så stort inntrykk at han brukte mange dagar og sider i dagboka på å melta alt han hadde opplevd.

Han skriv om det storfelte utsynet over Norheimsund, dei verdfulle bondeantikvitetane og om husguden oppå spinettpianoet, «truleg ein sengestolpe med runor på frå 1700 eller so». Om Nietzsches samla verk i bokhylla, og den hyggelege Tveitt-familien. Hauge teiknar til og med opp stovehuset, rom for rom.

Utover kvelden og natta, som må ha blitt fuktig, har Tveitt snakka om forfattarar han likar og ikkje likar. Øverland, Falkberget, Wildenvey og Sande har han respekt for. Sivle aller mest, Garborg minst og Vesaas likar han heller ikkje. Hauge, som er særdeles godt kjend i verdslitteraturen, er imponert over kunnskapane til Tveitt, og skriv at han er «orientert på ein superstratisk måte». Men Tveitt kan bli for litt mykje av det gode etter nokre glas. «Tveitt veit kva han er verd. Men stundom kan han skryta, og det til gagns. Kva ein full mann segjer, skal ein ikkje herma».

Ein gong overtalar Tveitt han til å lesa inn dikta «Uppskoke»og «Hardingøl» på lydband. Etterpå angrar Hauge. Han vil ikkje vera med i «den ølkultusen her i fjorden. Men so veik og vinglen kan ein vera», skriv han i dagboka.

Også på eit nachspiel etter eit studentmållagsmøte i Bergen i 1967 ville folk ha Hauge til å lesa «Hardingøl». Den gongen stod han imot.

— Han nekta. Det står nemleg noko mindre fordelaktig om fråhaldsfolk i diktet. «Fråhaldsfolkjet, da e da besta folkjet, da», sa Hauge. Då gav folk seg, minnest Stegane.

Hauge tok ikkje med «Hardingøl» i Dikt i samling. «Uppskoke» vart ståande.

— Dette folkelivsbiletet er eit storarta dikt. Han skjønte sjølv at han ikkje kunne ta det vekk.

PÅ MANGE VIS var Olav H. Hauge og Geirr Tveitt motpolar, både når det gjaldt personlegdom og livsløp. Samstundes hadde dei mange fellestrekk.

Tveitt sette seg tidleg skyhøge mål, hadde sine meiningars mot og kravde plass. Som ung mann reiste han utanlands, studerte i Leipzig, og oppheldt seg både i Paris og Wien.

Tveitt var eventyraren som kunne finna på å henga opp eit piano mellom to dromedarar, for å spela for beduinane i Saharas ørken.

— Han hadde ikkje noko imot å visa seg fram. Det kunne vera noko Erik Bye-aktig over Geirr Tveitt, seier Stegane.

Kontrasten til Hauge kan synast stor. Han budde heime på garden i Ulvik heile livet, med unnatak av tre år då han gjekk i gartnarlære på Ås og Hermansverk. Fleire gonger var han innlagd på Valen sjukehus, og han var ungkar heilt til 1975. Då Bodil Cappelen flytta inn, var Hauge nær 67 år. Fruktdyrkaren omtalte seg sjølv som heimføding, men den slags prat bles Stegane av.

— Hauge var internasjonal frå han var femten år gammal. Han var med, sjølv om han ikkje reiste. Han tok til å lesa og orientera seg då han var svært ung, og lærte seg engelsk, tysk og fransk. På mange vis var Hauge meir moderne enn Tveitt, seier Stegane.

— Han visste vel kva som gjekk føre seg i litteratur og lyrikk, og hadde også kjennskap til austleg poesi. Då han som lyrikar braut med det tradisjonelle og tok til med frie vers, gjorde han det som ein sakkunnig. Han kjende til andre kulturar, andre måtar å gjera ting på. For Hauge var det ikkje unaturleg å vera både her og der samtidig. Når han vende seg utover, hadde han det heimlege med seg.

TVEITT OG HAUGE delte kjærleiken til Hardanger, kunsten, nynorsken og interessa for den nasjonale dimensjonen i norsk kultur og tradisjon. Men Stegane åtvarar mot å framstilla forholdet som ein idyll.

— Å kalla dei åndelege tvillingar, er å gå for langt. Tveitt var galen på Hauge som skreiv frie vers. Han var mot modernismen, og ville heller fornya det tradisjonelle. Det var mykje konservativt med Tveitt som Hauge ikkje ville vera med på, understrekar han.

— Tveitt hadde berre forakt til overs for ein del nye, norske poetar. Det kunne ikkje Hauge forstå. Han var mykje meir open for den moderne poesien, og for nye åndelege tendensar i si samtid, seier Åmås.

2. FEBRUAR 1981 les Olav H. Hauge i Bergens Tidende at Geirr Tveitt er død. Eit år tidlegare hadde Tveitt skrive til Hauge, og bede han stikka innom, om han var i Oslo. Det hadde ikkje Hauge gjort, sjølv om han hadde vore i hovudstaden fleire gonger.

«Det kjem eg alltid til å angra på», skriv Olav H. Hauge i dagboka. «Geirr Tveitt er den eg har tykt best um av dei eg har møtt».

KJELDER: «Dagbok 1924-1994» (Samlaget, 2000), «Tonediktaren Geirr Tveitt» av Reidar Storaas (Samlaget, 1990) «Mitt liv var draum» av Knut Olav Åmås (Samlaget, 2004) og www.ht08.no.

HARDING 1: Mange komponistar har sett tone til Olav H. Hauge sine dikt. Best likte Hauge melodiane Geirr Tveitt laga til åtte dikt. «Dei var oveleg fine. Han er ein trollmann til å laga tonar», skriv Hauge i dagboka i desember 1963 FOTO: SCANPIX
ODD NERBØ
HARDINGAR I TEKST OG TONAR: Geirr Tveitt laga songar til fl eire Olav H. Hauge-dikt. Her har komponisten streka og notert i sitt eige eksemplar av venens«Dikt i utval» frå 1965. Fire år tidlegare møtte dei to kunstnarane kvarandre for første gong. FOTO: HELGE SUNDE