Ikkje berre hadde vi klatra høgt mot den blå kvelvingen over oss, tonane vart også høgtidsstemte der vi sat og stod på haug og hammar oppe på snaufjellet. Ein «vill» idé vart sett ut i livet her, 1162 meter over havet.

Ingen kulissemakar kunne ha stelt i stand ein liknande scene. Geitafjellet i vest, Glynt og Skrott i aust, Fuglafjell i sør. Ein reinsflokk i trav over snøfonnene, grøne lier, grått fjell. Høg himmel med skoddedottar på. Mektig natur med små menneske i.

Her oppe har ein møbelsnikkar frå Øystese brukt nær innpå halve livet sitt til å byggja eit hyttetun som det ikkje finst maken til i Noregs land. På tunet til Anne Marit og Bjarne Huse vart konserten halden, med truleg tett innpå fem hundre tilhøyrarar til stades.

Dei fleste av dei hadde gått dei 900 bratte høgdemetrane opp til Breidablik, tilliks med kormedlemene.

Anne Marit og Bjarne kom sjølv med første helikopterhivet. Med det siste kom pianoet. Til jubel frå eit heilt lite hav av menneske høgt i den norske fjellheimen.

Jubel vart også Kvammakoret til del, og mellom nøgde tilhøyrarar var verdsmeister i langrenn, Bente Skari, saman med ektemannen Geir. Han har mor som er oppvaksen i Øystese, og besteforeldra bur framleis i Hardangerbygda.

— Då vi høyrde om dette arrangementet, bestemte vi oss sjølvsagt for å ta turen opp, seier Bente, som har vore på Breidablik ein gong før. I går fekk ho også handhelsa på byggjaren, og det var truleg like mykje stas for henne som for han.

HØGTIDSSTEMT: Kvammakoret song kjende og kjære songar for nær fem hundre menneske i Øystesefjella i går.<br/><foto: KNUT LANGELAND