Forslag til innslag på søreuropeisk dagsrevy i land som av og til opplever snø og så blir offer for innslag på norsk dagsrevy som viser kor håplaust dårleg folk taklar snø der sør.

«... og heilt til slutt skal vi til vinterland, til Søndre Skogeveien. Der har snøen som fall i fjor skapt rare tilstandar. Folk går midt i vegen, nokre støtta av stokkar og stavar, andre med ballast frå nærbutikken dinglande i plastposar i hendene. Det er nesten umogleg å ikkje gå midt i vegen, men av og til, når det kjem ein bil eller ein buss klatrar unge menn og gamle damer opp på alpine formasjonar som, får vi opplyst, er fortau... », seier ankermannen til ankerdama, begge ler med lett vantru ansiktsuttrykk, før dei oppsummerer dei viktigaste sakene i kveldens sending.

Høg kant — Kjem det fire meter snø i Bergen, så blir det kaos, forklarer postmann Kjetil Roti. Sånn er det berre.

Han parkerer midt på vegen, midt i Søndre Skogeveien fordi det er der det går an å parkere, og klatrar opp til postkassen. Glir på første forsøk og må plukke opp eit brev og eit postkort frå den grå sørpa.

— Fjøsangerveien er bra brøyta. Elles er det berre sorgen, seier postmannen. Han seier det litt lakonisk. Han vaks opp i Bodø.

Det søreuropeiske TV-temaet kunne tatt ein runde rundt i vestlandsbyen. Dei kunne sett at dei fleste fortau utanfor sentrum var uframkomelege. Dei kunne sett gamle damer som hjelpte seg kvarandre med å forsere brøytekantar på veg inn og ut av bussar som stoppa i utkanten av busslommene.

Dei hadde kanskje slått av ein prat med nokre av dei.

— Vi har budd her i 50 år. Det har vore mykje snø før, men aldri så dårleg med brøyting som no, hadde Rita Anker-Goli ved Landåstorget sagt. Mannen hadde nikka stadfestande.

— Eg kjem meg ikkje ut av vegen og opp på fortauet på grunn av dei høge brøytekantane, hadde Inger Johanne Ekepold sagt, der ved busstoppet utanfor meieriet.

Litt løye I Søndre Skogveien hadde reportarane vasa midt i vegen, slik som alle andre.

— Når det har vore snø så lenge, så er det litt løye at ein ikkje brøytar, hadde Grete Lindtjørn sagt. Ho er ung og sprek og skubbar på ei barnevogn. I barnevogna ligg femten månader gamle Ada, som ho gjerne skulle hatt i akebrett. Det hadde vore meir praktisk. Men det går ikkje an å køyre akebrett på fortauet.

Det kjem ein buss.

Grete Lindtjørn snik vogn og Ada inn mellom to parkerte bilar. Ho snik seg ut igjen. Og inn igjen. For kvar gong det kjem ein bil eller buss.

Ein pickup lasta med salt og plog i fronten køyrer fram og tilbake i området med plogen oppe og saltet inne.

Det søreuropeiske TV-teamet kunne lurt litt på kven som eigentleg hadde ansvaret for at det er umogleg å ikkje gå midt i vegen.

Dei kunne fått til svar at det lurer alle andre på også.

I burettslaget til Marianne Hersvik i Søndre Skogeveien er bebuarane i ein alder og tilstand som gjer det lite produktivt å skyve snø på fortauet.

— Kommunen tar aldri fortaua! Dei veltar i staden alle snøen inn på fortaua, hadde Marie Hersvik sagt, litt arg.

Smilet Det kjem ein buss til.

Barnevognene pressar seg inn i hol mellom Opel og Volkswagen. Folk klatrar opp på dei alpine formasjonane.

Ein bil stansar. Sjåføren stikk ut hovudet og seier noko til fotografen.

Det søreuropeiske TV-selskapet kunne fått det omsett av ein av nordmennene som går midt i vegen.

— Did you see that I smiled? sa sjåføren og køyrde vidare. Såg du at eg smilte?

«Men nordmennene smiler, uansett om dei må gå midt i vegen», kunne ankerdama replisert til ankermanen på søreuropeisk dagsrevy, før dei begge kunne gått fornøgde heimover på snødekte fortau gjennom Madrid eller Marseilles gater.