Då Statnett kom til heimbygda med utstyr og helikopter, sa ho stopp. Torunn Klyve Soldal kledde på seg bunaden og sette seg på toppen av ein container for å stoppa arbeidet med den omstridde kraftlina gjennom Hardanger.

60-åringen har vore søndagsskulelærar i den vesle grenda Klyve i 30 år. Til dagleg er ho spesialpedagog i tillegg til å vera bonde på den brattlendte garden ved Fyksesund.

— Flytta meg ikkje

— Dette var på heimplassen min, og eg fann det naturleg å setja inn mi stemme her, fortel ho.

Tidlegare har ho vore med på eit par aksjonar, men har kvar gong følgd politiet sitt pålegg om å flytta seg.

— Men denne gongen flytta eg meg ikkje, seier ho.

Dermed vart ho og dei to andre aksjonistane putta inn i politibilen og køyrt av garde. Turen tok eit par timar heile vegen til Bergen.

— Gjorde det rette

Der måtte dei plukka av seg alle bunadsøljer før dei vart putta i kvar si glattcelle. Der dei vart sitjande i tre timar.

— Det var ei påkjenning å sitja der, fortel Klyve Soldal.

Ho låg på ei plastmadrass i det nakne rommet og venta.

— Eg kjende likevel at eg var på rette plassen. Ikkje fordi det er rett å setja oss i fengsel, men fordi eg gjorde det rette då eg aksjonerte den dagen.

Bota på 12000 kroner ville ho ikkje godta. Dermed må ho også møta i retten den 19. september.

— Lov å håpa

- Var det verdt det?

— Ja, det syns eg, svarar ho kontant.

— Så lenge storsamfunnet har bestemt seg, er vi jo sjanselause. Men håpet er at nokre politikarar skal vakna og sjå at dei kan bli ansvarlege for rasering av eit unikt fjordlandskap. Det er lov å håpa, seier Klyve Soldal.

Ho kjem ikkje til å demonstrera på denne måten igjen.

— Nei, no har eg lagt inn mi stemme, seier ho.

Sei meininga di i kommentarfeltet under!