26. april, 1942, står framleis som spikra i minnet til folk i den vesle bygda vest på Sotra. Det var den dagen Telavåg fekk nærkontakt med den andre verdskrigen. Krigstragedien gjorde Telavåg-namnet verdskjend som eit symbol på tysk terror. — Denne historia burde forteljast ein gong i året, sa visesongaren Ole Paus, då han besøkte Telavåg i 1999. Sovande agentar på loftet

Under krigen hadde folk i Telavåg ord på seg for å vere både hjelpsame og effektive i illegalt arbeid. Herfrå fekk mange nordmenn hjelp til å flykte frå Gestapo, og ta seg over Nordsjøen til fridomen.

Denne sundagsmorgonen for seksti år sidan ligg to motstandsmenn og søv på loftet til telegrafstyrar Lauritz Telle i Telavåg. Det er Arne Værum og Emil Gustav Hvaal, agentar frå Kompani Linge. Dei har fått ly hos Telle-familien, medan dei ventar på transport vidare. I mellomtida har dei drive skyteøvingar saman med Lars, ein av sønene i huset.

Klokka er fire om morgonen, og på kjøkkenet er Elisabeth, dotter til Lauritz, i gang med morgonstellet. Då ser ho ein flokk menn kome springande mot huset.

Lagnadstungt skotdrama

Før ho rekk å varsle nokon, er dei inne på kjøkenet. Det er gestaposjefen i Bergen, Johann Behrens, hans nestkommanderande, Bertrams, ti andre gestapistar og to norske politimenn. Fire av dei spring opp på loftet, og inn på rommet der mennene ligg og søv. På same rom ligg Åge, yngste son i huset. 14-åringen blir vitne til skotdramaet, som blir så lagnadstungt for Telavåg: Agentane skyt Behrens og Bertram, dei øvste gestaposjefane i Bergen. Værum blir hardt skadd, og døyr like etterpå.

Tyskarene tok ein grusom hemn over Telavåg: Fiskeveret skulle utslettast. Reichskommisar Josef Terboven kom personleg til bygda for å statuere eit eksempel, og gje ordre om kollektiv straff mot bygdesamfunnet.

Døydde i konsentrasjonsleir

Alle menn mellom 16 og 60 år vart sende til konstrasjonsleiren Sachsenhausen. Berre 31 av 66 menn overlevde opphaldet i Tyskland. Kvinner og born vart internerte på Framnes i Hardanger i to år.

Absolutt alle hus og uthus vart sprengde eller brende, husdyr slakta eller førde bort, ein del båtar og anna utstyr konfiskert. Lars Telle og motstandsmannen Hvaal vart dømde til døden, og avretta på Trandum. 17. mai, 1944, slepper tyskarane Telavåg-folket fri frå Framnes, på eitt vilkår: At dei ikkje set sine føter i heimbygda. Dels vert dei innlosjerte hos slektningar, dels hos andre familiar i heimkommunen.

Då dei overlevande frå Sachsenhausen kjem heim eit år seinare, kan gjenreisinga av Telavåg ta til.

— Vi som hadde flaks og overlevde må fortelje om det som skjedde, sa ein av dei overlevande, Simon Øvretveit, til BT, då Nordsjøfartmuseet opna i 1998. Museet er reist til minne over Telavåg sin grusomme lagnad under krigen.