— Véret ser ut til å halde seg ganske bra både fredag og laurdag, fortel vakthavande meteorolog Erling Småland ved Vérvarslinga på Vestlandet.

— Kanskje blir det også fint det meste av søndagen, men det er ein viss fare for at det skyar til alt om ettermiddagen. Vi må også rekne med at det tek til å blåse på kysten og i fjellet, og nedbør natt til måndag er eit godt tips.

— Kva slags nedbør?

— Det varierer frå regn på kysten til snø i innlandet og på fjellet, seier Småland til BT.

Det blir overskya og periodar med nedbør både måndag og tysdag. Det er ein viss fare for at det fortset på same måte både onsdag og torsdag, sjølv om prognosane for desse to siste dagane er usikre.

— Så ta det for det dét er, og lev i håpet, oppfordrar meteorologen.