Det er ingen solskinnsgaranti frå Vérvarslinga på Vestlandet for dei første feriedagane. Helgevéret blir prega av lågtrykk — ikkje berre over Vestlandet, men heile Skandinavia, om det er ei trøyst.

— Det blir nok ikkje sommar denne helga heller, konstaterer meteorolog Ingmar Vikane.

— Lågtrykket inneber ettermiddagsbyger i fjordstróka spesielt. Men dei som bur på rette plassen, får sjå sola.

På kysten blir det lettskya vér, og gode utsikter for lange periodar med sol. Vikane utelukkar ikkje torevér i fjordane laurdag og sundag.

Temperaturane i fjordstróka kjem til å ligge mellom femten og atten grader.

— Men i ytre strók blir det vanskeleg å slite seg over femten grader, trur Vikane.

— Kor kan sol- og varmehungrige vestlendingar dra for å vere sikre på sommarvér den første ferieveka?

— Nordland, sør for Vestfjorden, er eit godt alternativ. Det blir kanskje ikkje skrekkeleg varmt, men luftmassane der er meir stabile. Vestlandskysten får også lange periodar med sol neste veke.

— Kva med utlandet?

— Store delar av Nord-Europa har også lågtrykk å stri med, så det er ikkje så gunstig der, heller, seier Vikane.

— Men for å vere på den sikre sida, kan folk dra aust i Middelhavet, til Kreta. Det er det sol og sommar! Men etter mi meining bør folk halde seg i Noreg om sommaren, det finst ikkje finare stad. På svarte vinteren kan dei dra til Middelhavet.

Middeltemperaturen på Florida i Bergen så langt i juni er 12,6 grader. Normalen, basert på målingar frå 1961 til 1990, er 13,5.

— Det har vore kjøligare og meir nedbør enn normalt, men hugs at vi berre er halvvegs i juni så langt, seier Vikane.