Opning av sommarutstillinga vert torsdag 26.06 kl 19.00 i Galleri Oz. Dette markerer også opninga av årets ”Osøren Blues og Jazz festival” som i år feirer 10 års jubileum.

Festivalutstillar i år er EILIF STENE, foto.

Han er frå Bergen og kanskje mest kjend innan lydteknikk— og design, men har også utdanning innan foto og har i ei årrekke fotografert, mest for eiga glede. Då han for fyrste gong stilte ut arbeida sine i 2005 vart han svært godt mottatt, og det er med stor glede Galleri OZ no kan vise hans arbeider. Han har eit blikk for detaljer og komposisjonar,og gjev foto eit malerisk uttrykk. Til denne utstillinga har Stene funne alle motiva i Os kommune, og tittel på utstillinga er :

”Fragmenter fra Os”.

Saman med Eilif Stene stiller også 2 andre spennande kunstnarar ut sine arbeid:

ANNE-KARINE SOLGAARD, smykker

Ho har utdanning frå Statens Håndverks- og Kunstindustriskole Oslo metall m/diplom og har ei rekke utstilingar bak seg, og verkstad i Slependen. Anne-Karine Solgaard arbeider med spennande og orginale smykker i plast og gummi som ho kombinerer med sølv og andre materialer. Ho lager også objekter av div. plastflasker som ho kaller "corpus i plast".

SARAH LOUISE REED, keramikk

Ho har si utdanning frå Central Saint Martins, Ceramic Design i London. Ho er fødd i England, vaks opp på Stord, og bur no i Bergen og har verkstad ved Georgernes Verft.

Reed arbeider i all hovudsak med porselen, og på utstillinga vil ho presentere ei variasjon av teknikker. Blant anna der forgjengelige blad og blomar ho har samla sjølv frå naturen som vert omskapt og foreviga i porselen innen ei funksjonell ramme. Ho tryllar fram dei lekraste, florlette og funksjonelle porselens arbeid !

Utstillinga står fram til 24.08.

Ope alle dagar:

Man-Fre: 11-16

Lør: 11-15

Søn: 12-15