ARNE HOFSETH

Nes er dagleg leiar på det nye fruktlageret til Hardanger Fjordfrukt BA som landbruksminister Lars Sponheim opna på Utne tidleg i juli. Måndag passerte dei 300 tonn frukt, klasse 1, pakka i det nye anlegget. Då er ikkje epla som er sortert frå til saftpressa på Aga, rekna med.

Alt før Sponheim klipte snora hadde det nye anlegget sendt fleire tonn moreller til Storbritannia, mellom anna til Marks & Spencer-butikkane.

— Før sesongen er omme skal vi etter prognosen ha pakka 1800 tonn, av ein norsk frukthaust på 8600 tonn, fortel Nes.

For 13,5 millionar kroner har hardingane fått eit godt fungerande nybygg på Utne. Medrekna utstyr frå anlegga som no er nedlagde i Kvam, Ulvik, på Alsåker, Jåstad og Nå, er verdiar for rundt 22 millionar kroner samla i det nye anlegget.

— Eit fruktlager har vanlegvis berre ein kunde, men vi leverer både til Bama og Coop, seier Nes.

Frukta går med andre ord til storkjøkken og butikkar i kjedene til Norgesgruppen og Coop. Dei to andre fruktlagra i Hardanger, på Lofthus og Børve, leverer til Rimi-Hagen sine butikkar.

Mange sesongarbeidarar

Hardanger Fjordfrukt har fem heilårstilsette, og rundt 30 sesongarbeidarar. Av dei er halvparten svenske, resten rekruttert lokalt.

— Vi er her for å tena pengar, ikkje fordi vi er spesielt interessert i frukt, seier Katarina Andreasson (21) og Tatja Ahlsell (22).

Svenskane er i full sving med å klistra norske flagg på saftige summerred-epler frå den datastyrte sorteringsmaskinen.

— Vi ville kanskje ha tent like mykje heime i Gøteborg, men der bruker vi opp pengane like raskt som vi tener dei. Her på Utne er det ikkje mykje å bruka pengar på, seier Katarina.

— Er det ikkje ein pub på hotellet?

— Berre på fredagskveldane. Vi var der sist fredag, men det vart med eit par halvlitrar, supplerer Tatja.

For tida er 13 ungdommar i arbeid på fruktlageret, alle frå Gøteborg. Fire frå ein annan kant av Sverige er i kjømda. Dei fleste svenskane jobbar på kveldsskiftet. Då vil dei lokale helst ha fri. I sesongen går anlegget frå klokka sju om morgonen til ti om kvelden.

Krzysztof Cackowski frå Polen er blant dei som skaffar frukt til anlegget. Iført oransje regnklede plukkar han flotte summerred-epler på ein fruktgard på Hauso.

— Dette går fint, forsikrar han, sjølv om nevane ser litt blåfrosne ut.

— Frukta er like god, men hausting i regnvêr er langt meir utriveleg enn i solskin. Det største problemet er likevel å ta seg fram med traktor mellom trerekkjene på blautt underlagt i bratt terreng. Etter to turar er marka svart, seier Knut Hauso.

Seinsortane

Akkurat no er det sommerred og dei første gravensteinsepla som kjem inn til fruktlageret. Tidlegsortar som Vista Bella og Quinte er unnagjort. Prins og Kronpris også. Discovery syng på siste verset. Etter Gravenstein er det seinsortar som Aroma, Karen Schneider og Elster som vil dominera.

Moteordet «nisjeproduksjon» og venta konkurranse med butikkjeda Lidl har utvida varespekteret. Seks utvalde eple lagt på eit fancy pappbrett med Hardangerlogo vil kunne kjøpast i butikken for rundt 36 kroner. I billegenden av spekteret vert velsmakande småeple pakka i halvtanna- eller tokilos plastposar.

— Litt tullete at dei to kundane våre ikkje skal ha like mykje eple i posane. Men slik er det med standardfrukta også. For Bama pakkar vi i 12 kilos pappkasser, medan Coop vil ha 11 kilo i plastkasser, kommenterer skiftleiar Trygve Samland.

Men det moderne sorteringsanlegget fiksar det meste. Frukta blir sortert på vekt og storleik. Fotoceller registrerer kor mange prosent av overflata som er raud, gul eller grøn. Men det er kjappe hender som syter for at fruktkassane ser delikate ut.

HAUSTAR: Krzysztof Cackowski frå Polen haustar epler på ein fruktgard på Hauso.<br/>Foto: STIAN LYSBERG SOLUM
SORTERER: Tordis Huus og Astrid Hesthamar sorterer frukt på Hardanger Fjordfrukt sitt nye fruktlager på Utne.
LETTAR ARBEIDET: Trucken er god å ha når dei skal flytta dei store kassane med epler.
STORVASK: Epla var våte når dei kom, no vert dei våtare.