— Sommaren kjem på ein onsdag i år, spår vakthavande Storm-meteorolog Fredrik Villanger.

Og siktar til onsdag 29. juni, dagen i dag - som innleiingsvis kan vere litt grå i kantane her og der. Men når skodda lettar utpå føremiddagen, kjem sommaren!

— Det blir betre vêr alle stader. Vi bikkar nok 20 grader onsdag, og opp mot 22-23 grader torsdag. Men det tar litt lengre tid før badetemperaturane blir såpass høge at det blir deilig å hoppe uti, seier Villanger til BT.

Men kor lenge var vestlendingen i paradis? Alt fredag kan sommareventyret vere over.

— Det er litt usikkert fredag, men vi held ein knapp på at det blir sommar då også. Ting tyder på at det blir gråvêr, regn og vind i løpet av helga. No gjeld det å nyte dagane som kjem!

Høgtrykket som passerer over oss, trekkjer nemleg nordover, ifølgje Storm. Synd for oss, bra for nordlendingane.

— Nord-Norge kan få stabilt, fint vêr i ein 10-dagarsperiode framover, seier Villanger til BT.

Heller ikkje Vêrvarslinga på Vestlandet kan love oss at sommaren varar lenger enn til helga. Men også vakthavande meteorolog Arnstein Tjøstheim spår temperaturar opp mot 20 grader i dag i indre strôk, og endå varmare torsdag.

— Til og med fredag blir det iallfall fint. Det kan kome nedbør alt natt til laurdag. men stort sett reknar vi med at det blir opphaldsvêr og varmt til og med sundag ettermiddag, seier Tjøstheim til BT.

<b>SOMMARMORGON:</b> Solen spegla seg i vassflata i Vågen klokka 08.04 onsdag morgon. Sjekk alle <a href="http://www.bt.no/kamera/">webkamera-bileta</a> våre her!</a>