I går fortalde Bergens Tidende historia om 18 år gamle Ole Jon Bjørkum, som er utslått av ME-syndromet. Sidan i sommar har han lege isolert på ei akuttavdeling i Førde.

Brevet ikkje registrert

I Førde har dei lite erfaring med så hardt råka ME-pasientar som Ole Jon. 21. september i fjor sende legane i Førde eit brev til kollegane ved Haukeland i Bergen, der dei bad om fagleg bistand i behandlinga av 18-åringen.

Men nevrologisk avdeling ved Haukeland universitetssykehus har ikkje svart på brevet. Heller ikkje på purrebrevet av 5. januar i år.

Når Bergens Tidende spør avdelingssjef Ole-Bjørn Tysnes på nevrologisk avdeling ved Haukeland, ber han om litt tid til å undersøkje saka. Nokre timar seinare fortel Tysnes at han ikkje kan sjå at dei har motteke dei to breva.

– Dei kan ikkje ha vore sendt til avdelinga her. Dei er i alle fall ikkje registrerte her, seier han.

Men faktum er at det første brevet var adressert direkte til sjukehuset, nevrologisk avdeling ved professor Harald Nyland.

Skal få svar

To dagar etter at Bergens Tidende først spurte om breva, ringer Tysnes tilbake og fortel at dei no har spora opp brevet.

– Brevet var stila til Nyland personleg, og derfor ikkje registrert ved avdelinga, seier Ole-Bjørn Tysnes.

– Men brevet var jo adresssert til Haukeland, nevrologisk avdeling ved Nyland. Det var opplagt ikkje snakk om eit privat brev?

– Når brevet er adressert til ein person, er det mottakaren som må syte for å registrere det, seier Tysnes.

– Her har ikkje avdelingen vore klar over at det eksisterte noko brev. Ikkje før du ringte og spurte om det, seier han.

No forsikrar Tysnes at legane i Førde vil få eit snarleg svar på spørsmålet om fagleg bistand i behandlinga av Ole Jon Bjørkum.

Omstridd diagnose

Mor til Ole Jon, Ingrid Bjørkum, seier at ho er veldig overraska og skuffa over Haukeland i denne saka.

– Det er dei som har stillt diagnosen på Ole Jon, men så følgjer dei ikkje opp pasienten bedre enn dette, seier Bjørkum. – Det finst heller ingen tilpassa sengepostar for dei aller sjukaste ME-pasientane.

Ifølgje Ole-Bjørn Tysnes har nevrologisk avdeling ved Haukeland ikkje spesiell kompetanse på ME, men at professor Nyland har arbeidd mykje med dette.

– Vi har sjølvsagt eit ansvar for å bistå og følgje opp ein slik pasient, seier Tysnes. – ME er ein såkalla heterogen tilstand, og det er fleire ulike årsaker som kan gje kronisk trøttheit. Vi kan tilby utgreiing i dei tilfella der tilstanden har ein nevrologisk bakgrunn.

Men der dei ikkje finn ei nevrologisk årsak, har ikkje Haukeland noko spesifikt tilbod.

– I det nevrologiske miljøet er ME omstridd som ei sjølvstendig diagnostisk eining, seier Tysnes. – Det som ikkje er omstridd, er at vi må ivareta også denne pasientgruppa. Og ein ungdom som i dette tilfellet må få tilbod om det beste vi har.

Øystein Torheim