«Skadelapper ble ikke brukt, og var heller ikke tilgjengelige. Dette kan ha vært en medvirkende årsak til at en pasient ble feilregistrert».

Dette skriv Helse Fonna i sin interne evalueringsrapport etter ulukka — ført i pennen av helseføretaket sin beredskapsleiar Finn Arve Åsbu.

Rapporten peikar på fleire kritikkverdige høve (les egen faktaramme), men hardast medfart får kommunelege Lars Helge Sørheim i Stord - fagleiar for helse på skadestaden under aksjonen.

- Skal ikkje skje

Sørheim understrekar at han ikkje føler kritikken frå Helse Fonna som urettvis.

— Skadelappar hadde etter mi meining ikkje avverga feilregistreringa. Glippen skuldast andre tilhøve som skjedde, men som eg ikkje ønskjer å gå nærare inn på, seier Sørheim.

Legen slepp å svara for kritikken åleine. Seksjonssjef Svein Sørensen for plan og beredskap ved fellesoperativ eining i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, fortel at det er politiet sin jobb å kvalitetssikra at registreringa stemmer.

— Og i dette tilfellet vart det brukt passasjerlister i registreringsarbeidet. I ettertid ser me at det var feil å la desse danna fasit. Me burde i staden gått ut ifrå oppsummeringa på ambulansekontrollpunktet, som politiet har ansvaret for. I dette tilfellet vart ikkje jobben gjort godt nok, seier Sørensen.

Ulikt syn

Men kritikken frå Helse Fonna stoppar ikkje her. I rapporten får Lars Helge Sørheim også gjennomgå for å ha sendt ni lettare skadde pasientar til Stord sjukehus, trass i at det var gjeve melding om avgrensa kapasitet ved sjukehuset.

Åsbu skriv følgjande i rapporten sin:

«For Stord sjukehus er det store talet på pasienter en utfordring, og det skaper noe problem ved mottak og registrering. (...) I etterkant kan en si at dette gikk bra. Det skyldes i hovedsak at ingen pasienter hadde behov for akutte operasjoner...».

— Eg fekk melding om ein kapasitet på seks pasientar - inklusiv to hardt skadde. Difor tek eg dette med stor ro, seier Sørheim.

Kommunelegen beskriv sin eigen og helseteamet sin jobb som «gjennomsnittleg god», men at ein annan lege kanskje hadde teke andre avgjerder den aktuelle dagen.

— Det kan godt henda. Men med dei same føresetnadene og skademønster til grunn, så trur eg at eg hadde gjort det same på ny, seier Sørheim.

Om kritikken seier han følgjande:

— Eg tykkjer innsatsen vår vert diskutert på ein ok måte i evalueringsrapporten, så dette har eg ingen problem med. Samstundes registrerer eg at me som var ute i felten, har eit anna syn på ting enn dei inne på sjukehuset, seier Sørheim.

Stressfaktorar

Finn Arve Åsbu fortel at dei kritiske merknadene i rapporten er svært viktige i Helse Fonna sitt vidare arbeid med beredskapshandtering.

— Me skriv ikkje ei slik evaluering for å vera stygge. Me gjer det med eit mål om forbetring ved neste korsveg.

Han tykkjer dokumentet syner at Helse Fonna har eit planverk som fungerer.

— Dei kritiske merknadene som kjem fram er nemnd som mindre detaljar i den store samanhengen. Veldig mykje fungerte tilfredsstillande og pasientane fekk ei optimal behandling. Dersom enkelte val kan diskuterast, er det også viktig å ha med seg dei stressfaktorar og kaotiske forhold som hjelpemannskapet står overfor i slike situasjonar, seier Åsbu.

Bergens Tidende