Bonden på toppen av Øystese har vidt utsyn frå tunet på Kjosås. Langt der nede ved fjorden ligg Øystese, litt lenger vest Norheimsund.

To bygder. Nære naboar og erkerivalar i manns minne. Postmottak, meieri, kunstgrasbane. Øystese og Norheimsund har alltid konkurrert om alt, fortel hardingar, men ikkje på ein slik måte som i dag.

— Folk går langt over streken, seier Harald Kjosås, no inne i sin tredje periode for KrF i heradsstyret i Kvam.

**Les også:

Vil ha nasjonalt senter for bygdestrid**

Det som tok til som ei skulesak, har utvikla seg til ein uforsonleg og øydeleggjande bygdestrid. Dette stadfestar ei rekkje kvemmingar BT har snakka med. Rådmann Harald Inge Anderssen brukar ordet «kreftsvulst».

— I fem år har skulesaka lege som eit tett skoddelag over kommunen. Striden er ekstremt destruktiv; eit minefelt.

DER BYGDEDYRET LIGG. Frå gigantisk satsing til himla spetakkel. Slik oppsummerer ordførar Astrid Farestveit Selsvold (Ap) skulesaka i kortform.

Krangelen tok til då heradsstyret sette skulestrukturen på den politiske dagsorden i 2003. I dag kallar ordføraren striden «ein einaste stor verkebyll».

— Saka handlar ikkje lenger om skule. Eit bygdedyr av vanvittig storleik ligg gravlagd her. Det er tragisk, seier ho.

Næringssjefen i Kvam, Jan Tjosås, kallar krangelen «ei suppe», og er luta lei av at folk blir tillagt meiningar etter postnummeret.

— Uansett kva du seier, blir du mistenkt for å ha eit motiv. Eg tenkjer mest ikkje på anna: Korleis skal eg balansere? Konflikten pregar rådhus og familieselskap. Folk er utslitne, seier næringssjefen.

Heradsstyremedlem Harald Kjosås fortel om folk som har slutta å helse. Om stygge e-postar, og om å bli hengt ut på nettet som «mørkets fyrste» av meiningsmotstandarar i nabobygda.

— Eg som er med i KrF og alt.

Heller ikkje kyrkja er frisone. Snarare tvert om, seier Kjosås, og fortel om ein samtale mellom to kvemmingar i Norheimsund kyrkje.

— Den eine nemnde mitt namn. «Hysj», sa den andre, «vi er i kyrkja no!»

DR. JEKYLL OG MR. HYDE. På nyttårskvelden i fjor la hotelleigaren i Norheimsund, Tron Bach, frå kai med kurs for Tysnes og ny jobb som samfunnsutviklar. Bygdestriden er ein av fleire årsaker til at han melde flytting.

— Eg har halde kjeft og aldri uttalt meg om skulestriden før. Men eg orka ikkje å leve med ubehaget lenger. Du blir på mange måtar til stades i ein borgarkrig.

— På kva måte?

— Som hotelldirektør har du kontakt med mange ulike miljø. Heile tida registrerer du undertonar, kverulanteri og spydigheiter folk imellom. Eg har nære vener både i Øystese og Norheimsund. Når skulesaka kjem opp, blir dei som Dr. Jekyll og Mr. Hyde.

— Så ein må passe kjeften sin i Kvam?

— Ja, er du gal! Du klarar å leve slik i nokre år, men så blir du rett og slett trøytt. Ein må nesten vere psykiater for å skjøne kva som skjer. Det går utover folks mentale helse. Det er berre trist. På eit eller anna tidspunkt føler du deg nesten degenerert sjølv, seier Bach.

14-13 TIL NORHEIMSUND. Alt i alt har skulesaka i Kvam fødd eit papirberg på over 1200 dokument. Spissformulert handlar striden om ein busstur på sju kilometer, eller ti minutt, som er avstanden mellom Øystese og Norheimsund.

Den same distansen må elevane i Norheimsund ta buss om dei skal gå på skule i Øystese, og det var nettopp dette heradsstyret vedtok i 2005. Eit breitt fleirtal ville samle ungdomsskuleelevane frå Øystese, Ålvik og Norheimsund på éin skule - i Øystese.

Vedtaket vart oppfatta som eit gedigent nederlag i Norheimsund, og utløyste raseri og organisert mobilisering, som avfødde motaksjonar i Øystese.

Før kommunevalet i 2007 skifta politikarar standpunkt. Partiprogram vart omskrivne. På valdagen vart det gjort 30.000 rettingar på 4500 stemmesetlar. Resultat: 14-13 til Norheimsund i det nye heradsstyret.

— Det er ingen tvil om at dette valet var ein kamp om skulen, seier ordføraren.

Få månader seinare vart vedtaket om felles ungdomsskule i Øystese oppheva.

BALLESPARK FOR OPEN SCENE. Fleirtalet vil heller oppgradere dei eksisterande skulane. I haust må politikarane ta stilling til korleis dei skal finansiere fire ungdomsskular i ei tid med skrinn kommuneøkonomi og minkande elevtal. Inntil vidare held skulesaka fram med å prege alle andre saker i heradet.

— Saka er øydeleggjande for alt politisk arbeid. Dette handlar om lokalisering, koste kva det koste vil, hevdar Kjosås.

Før kvart einaste heradsstyremøte må ordføraren halde appell om etikk og tone mellom politiske motstandarar.

— Eg sit der og ser ned på ei forsamling av slitne politikarar. Bygdefolk er like utmatta. Striden går ut over handel, samhandling, alt, seier Selsvold.

— Kvemmingane blir latterleggjort, fordi vi ikkje klarar å ordne opp i striden, seier næringssjef Tjosås.

Dei siste åra har eit av tre lesarinnlegg i Hordaland folkeblad handla om skulesaka. Tron Bach er glad han har vent seg av med å lese lokalavisa for Kvam.

— Uffa meg! Det har stått mange gufne krigsinnlegg på trykk frå forskjellige fløyer. Folk sparkar kvarandre på skinnleggen og dreg kvarandre i ballane for open scene, sukkar han.

— Eg kjenner så mange kjekke kvemmingar. Eg skjønnar ikkje kva som går av dei, der dei ligg i skyttargravene med mitraljøsene sine.

FUNDAMENTALISME. Ingen lesarinnlegg i lokalavisa blir sensurerte. Terskelen for meiningsytringar skal vere låg, opplyser redaktør Åsmund Soldal, og dessutan er fakta relativt i skulesaka.

— Kva meiner du?

— Diametralt motsette påstandar blir til tider dokumenterte etter beste evne av skribentane. Det er fundamentalistar på begge sider. Eg veit om folk i Øystese som køyrer heilt til Åsane for å kjøpe kapitalvarer. Dei vil ikkje leggje att pengar i Norheimsund, seier Soldal.

— Andre utslag av striden?

— Fleirtalet gir blanke, men resten er sterkt engasjerte. Dei gir aldri opp.

Artikkelen fortsetter her! Hva synes du om bygdestriden? Si din mening i kommentarfeltet!

Ørjan Deisz
Ørjan Deisz
Ørjan Deisz
Ørjan Deisz
Ørjan Deisz
Ørjan Deisz