• Ikkje ta på meg! snerra Ranveig Frøiland. Som ein skremt katt trekte Ingebrigt S. Sørfonn raskt til seg handa. Brølet og applausen frå etnebuane var spontan der dei sat og var vitne til den mislukka tilnærminga.

Etnemarknaden kryr av folk og fe som byr seg fram og prøver seg med ulike triks. Under ein teltduk står healaren Steinar Gjølstad og prøver lindra eit kvinnehovud som verkjer.

Han har meir hell med seg enn KrF-aren Sørfonn som eit par hundre meter unna ville vera god med Frøiland. Medan tusenvis av tilreisande gjekk frå stand til stand, åt is og naut sommarvarmen, stima politikarar inn i kinosalen for å måla krefter med Carl I. Hagen. Den var smekkfull av forvitne sunnhordlendingar då startskotet for valkampen vart avfyrt.

Ein kald skulder

Det var då det skjedde. Det elendige høgtalaranlegget svikta gong på gong då Terje Svabø freista styra ordskiftet om distriktspolitikk og kommuneøkonomi. Politikarane vart i villreie, det eine ordet tok det andre, og Sørfonn tykte det gjekk over stokk og stein då sidekvinna Frøiland jamra over regjeringspolitikken.

— Men kjære Ranveig, då! sukka han faderleg mildt og la handa vennleg over den nakne skuldra. Det skulle han ikkje ha gjort. Ap-kvinna avbeit han med eit glefs og viste han like godt ei kald skulder.

Ho hadde ikkje før sett han på plass før Venstres May Britt Vihovde fyrte av eit kanonskot. Ho fikla med mikrofonen, og resultatet vart ein smell som var ein balkankrig verdig. Sjefen over alle sjefar i Etne desse dagane, Ståle Tungesvik, var fortvila og visste ikkje si arme råd. Kva kunne han vel gjera på kort varsel? I salen sat ein annan Tungesvik, psykiater og eks-stortingsmann Hans Olav, og vart gråare og gråare i ansiktet.

Berre bal med tytebær

Politikk er likevel ei bisak for dei fleste som pent og pynteleg parkerer bilane omkring på åkrane i Etne desse dagane. Dei kjem for å handla og pruta, sjå nye og uventa ting, vandra sutlaust omkring, kosa seg med smårollingane, ta ei luftig ferd i tivolivogner - og så pusta ut med ein enkel kjøtkakemiddag.

Det var det ho gjorde, den eldre kvinna som sat og strevde med å opna begeret med tytebærsyltetøy. Like bortanfor sat Carl I. Hagen i djup samtale. Etnekvinna var ikkje verre faren enn at ho lista seg bort til Carl Ivar og bad han om hjelp. Kan han ordna opp i det store, greier han det vel og i det små? Frp er kjent for å hjelpa eldre og svake, så det var ikkje nei i hans munn. Men kor mykje han enn strevde, så måtte han gje seg! Tytebær fekk vera tytebær.

— Gå og be om et annet beger, svarte han lettare irritert og konsentrerte seg så igjen om asylpolitikken.

Svingar ljåen

Etnemarknaden er ein gigantisk firedagars happening som for lengst er blitt ein årviss magnet for bygdefolk over bygdegrenser i sør. 40.000 menneske er venta innom portane i løpet av desse dagane. Vil ein ikkje kjøpa sild eller fårepølse i store kvanta, kan ein få med seg ein god porsjon kultur - som sogespelet om «Kongen frå Etne» (Erling Skakke), der til og med BT-meldaren var raus med godorda.

Vebjørn Sand har reist med kunstverka sine til Etne, og Hanne Boel song så det ljoma torsdagskvelden. Lenger borte stod velfødde kyr på utstilling og gav eit godt raut i heile konserten.

Det skortar heller ikkje på pussige påfunn: Ope fylkesmeisterskap i ljåslått står på programmet i dag. Her kan bønder av det gode, gamle slaget visa kunsten med langorv og stuttorv.

Berre så synd at færre og færre kan handlaget med langorven. Dessutan er langorvar med metallskaft i ferd med å fortrengja det velkjende treskaftet. Nei, jordbruk er ikkje som før - korkje i Etne eller andre stader.

VARMT I SOLA: Carina Pedersen og Isabelle Fludal Myklebust (begge 11) har trekt seg unna til ein roleg plass på Etnemarknaden.<p/>FOTO: MARITA AAREKOL