Då ruta Storakersund-Hyllestad blei avvikla, stod Vågen att utan eit einaste offentleg transporttilbod. Ruta blei lagt ned utan brukarane blei varsla. 66-åringen valde då å få seg postboksadresse på Laksevåg.

– For meg er det mest praktisk å hente posten når eg er i Bergen, fortel ho.

Fredag var Evensen på pensjonisttreff i Florø. I følgje avisa Firda hadde ho då med seg ein tjukk bunke med brev som skulle postleggjast.

– Eg må jo nytte sjansen dei gongene eg kjem i nærleiken av ein postkasse, seier ho.

Evensen bur åleine i veglause Vågen. Ho har både båt og båtførarprøve, og greier seg med det. Men ho legg ikkje skjul på at det med posten er frykteleg tungvint.

Båtruta som blei stoppa, hadde vore nedleggingstruga fleire gonger då det var slutt seinhaustes i fjor. Evensen hadde ikkje trudd det ville skjedd utan at Solund kommune hadde klar ei løysing for dei som blei utan offentleg transporttilbod. Kommunestyret har nemleg vedteke at det skal arbeidast fram ei alternativ løysing for dei fastbuande i Austrefjorden.

– Om Solund kommune ønskjer at det skal bu folk her ute, noko eg slett ikkje er sikker på at dei vil, må politikarane på bana, seier Evensen som no vurderer å flytte til Bergen:

– Tanken om å bu i eit hus med postkasse utanfor inngangsdøra verkar freistande.