Du klamrar deg til dagen, skubbar natta framfor deg. Fåfengt. For dagen sluttar, og solnedgangen kjem. Med svik. Solnedgangen er svikefull i heile sin natur. Så uendeleg vakker, så mjuk, så eldfull, så fargerik og full av liv, og likevel så trulaus, så flyktig og illevarslande.

Men sommarnatta er sjølv ein overgang, og snart kjem dagen att, kan hende like strålande som den du måtte sleppa. Det kjem nytt lys, nytt liv, nye solnedgangar, nye dagar, og når du har levd ei stund, veit du godt at for kvar du fekk, har du ein mindre att å få. Slik blir livet dyrebart, slik blir livet frydefullt og smertefullt og umisteleg. Slik lærer du å sjå at livet må levast.

FOTO: HELGE SUNDE