Reknar ein inn alle svara, også dei som ikkje har teke standpunkt, er fordelinga 49 prosent for, 22 mot og 29 veit ikkje.

— Dette syner at innbyggjarane i Hordaland er samde med politikarane i fylket om at Hardangerbrua må byggjast, seier styreleiar i Hardangerbrua AS, Magnar Lussand. Han strekar under at undersøkinga er gjort etter at media har skrive at Bergen kommune vurderer å trekkja sitt bidrag ut av Hardangerbrufondet.

Folketalet stuper

I tillegg til meiningsmålinga, har også elendige folketalsprognoser gjort det meir aktuelt å tenkja på Hardangerbrua. Fylkeskommunens eigne framskrivingar av folketalet mot 2015 er syrgjeleg lesnad for alle Hardangerkommunane.

— Eidfjord ned frå 959 til 544.

— Ullensvang ned frå 3 600 til 2 946,

— Odda ned frå 7 633 til 6 950.

— Jondal ned frå 1 141 til 917.

Det er kanskje ingen som trur at Hardangerbrua åleine er nok til å stogga nedgangen i folketalet. Men forskar Kjell Sørlie ved Norsk Institutt for by- og regionforsking seier til Haugesund Avis at Hardangerbrua i alle fall vil vera viktig for å dempa nedgangen i folketalet.

— Hardangerbrua vil verka positivt ved at ho knyter kommunane betre saman, seier Sørlie. Han viser til hovudflyplassen på Gardermoen som eit døme på tiltak som verka til å dempa ei negativ folketalsutvikling.

Ingen vidunderkur

Professor Arild Holt Jensen ved Institutt for geografi ved Norges Handelshøyskole meiner og at Hardangerbrua kan ha ei positiv effekt. Men han åtvarar mot å tru at brua vil vera noko vidundermiddel som løyser alle problem for Hardanger.

— Eg har vanskar me å forstå at det kan verta halvering av folketalet i Eidfjord. Dei har då satsa både på turistutvikling og småindustri. Derimot er det alvorleg for Ullensvang, der det er mange som pendlar til Odda. Når det går dårleg i Odda, råkar med difor mange i Ullensvang. Men for dei ville kanskje ikkje Hardangerbrua verta så viktig likevel. Eg trur det er for langt å pendla til Bergen, og Voss har ikkje all verda å by på, seier Arild Holt-Jensen.

— Den mest positive verknaden av Hardangerbrua er truleg at ho knyter regionen saman, men verknaden er likevel marginal, om vi ser bort frå Ullensvang Hotel. For hotellet er brua svært viktig, seier Arild Holt-Jensen.