1. juli kjem miljøvernminister Erik Solheim til Gulen. Då har det gått meir enn 13 månader etter eksplosjonen ved Vest Tank.

— Eg ønskjer å snakke med ordføraren, politikarar og dei av innbyggjarane som kommunen meiner det er viktig at eg snakkar med, seier Solheim til NRK Sogn og Fjordane.

Regjeringa har fått sterk kritikk for handteringa av ulukka. Miljøorganisasjonar og opposisjonen på Stortinget har reist krav om at miljøvernministeren må ta ansvar for å rette opp tilliten. Så seint som sist veke oppmoda Bellonaleiar Frederic Hauge og Gunnar Kvassheim, Venstres leiar av energi- og miljøkomiteen på Stortinget, statsråden om å dra til Gulen.

BEDRE SENT ENN ALDRI: Regjeringensmedlem Erik Solheim skal besøke åstedet for ulykken.
Lien, Kyrre
GIKK I LUFTEN: Det er nå over ett år siden eksplosjonen.
KÅRE NESS