Dagen i går skulle vere høgdepunktet førre veke med sol og sommarvêr. Slik vart det ikkje, og mange planar om bading, soling og sommarliv måtte utsetjast til neste solglimt.

– Vêret i går vart ein del dårlegare enn vi venta. Vi har ikkje alltid rett, så føreseieleg er ikkje vêret, seier statsmeteorolog Arnstein Tjøstheim ved Meteorologisk institutt.

Han forklarar at skyene og regnbyene som erstatta den melde sola i går, skyldtes ein svak lavtrykksarm.

– Det vart ekstra fukt i lufta med skyer og til og med nokre regnbyer, meldingane våre vart rett og slett feil. Dette er typisk for sommarvêret, lavtrykka er så små og bevegar seg så raskt, at vi ofte ikkje kan forutsjå dei berre nokre timar før dei er over oss, seier Tjøstheim.

Kva syns du om det såkalla sommarvêret for tida?