«Alle skal med», stod det på hovudparolen. I Årdal blir dette å slå inn opne dører. For her er sjølvsagt alle med på 1. mai.

— God stemning

Velstandssamfunnet i Indre Sogn har fått summa seg etter at Hydro vegra seg for å fornye aluminiumsverket. No er omstillinga på skinner, og både ordførar og LO-leiar kunne i går sole seg i glansen av nyetableringane som veks fram.

— Det har vore veldig god stemning blant folk her i dag. Det er noko heilt anna enn for berre nokre få år sidan, seier ordførar Arild Ingar Lægreid.

Då Roar Flåthen takka ja til å vere hovudtalar i Årdal på arbeidardagen 2007, heitte LO-leiaren framleis Gerd-Liv Valla. Som nybakt toppleiar i organisasjonen har Flåthen fått ei rekke tilbod om å stille som hovudtalar andre stader. Men han valde å halde lovnaden overfor årdølane.

— Arild Ingar (Lægreid, red. merkn.) og eg har samarbeidd tett sidan arbeidet med omstillinga starta for alvor for rundt tre år sidan. Det er utruleg flott å komme tilbake og sjå kva dei har fått til, seier Flåthen, og tek eit fast grep rundt skuldrene til ordføraren.

Synlege bevis

Spaserturen gjennom sentrum av Årdalstangen denne strålande 1. mai-dagen går forbi verksområdet der bygginga av solcellefabrikken Norsun er i full gang. Vidare oppover vegen passerer vi den snart ferdigstilte kjempebygningen som skal huse dørfabrikken Dooria. Begge utbyggingane er synlege bevis på at omstillingsarbeidet ikkje har vore tomt snakk. Styresmaktene har stilt opp når årdølane trong det, og folket her har gjort jobben lokalt. For i Årdal set dei sin lit til sosialdemokratiet. Noko skal dei ha tilbake for dei 72,5 prosentane Ap fekk ved sist val. No står kampen om eit minst like bra val til hausten, sjølv om Årdal Høgre har skjerpa seg og stabla på beina ei liste i år. Men KrF er framleis fråverande i det lokalpolitiske landskapet i Årdal.

LO-Flåthen og ordførar Lægreid når andre sida av Dooria-området, der demonstrasjonstoget står klart til avgang; flaggborg, raude faner, hornmusikk og festkledde årdølar. Dei to dresskledde sluttar seg til rekkjene.

- Grunn til å vere stolte

Deretter er det rein plankekjøring. Vi marsjerer ned til torget, bak parolane «Alle skal med» og «Nytt kraftregime no». Turen er ikkje lang, men hornmusikken rekk likevel å komme gjennom Internasjonalen to gonger.

I talen er Flåthen blant anna oppteken av likestilling, AFP-ordninga - alt til høfleg applaus på dei rette plassane, og litt heftigare bifall når har rosar omstillingsarbeidet i Årdal.

— De har grunn til å vere stolte. De har etablert 210 nye industriarbeidsplassar, og det kan bli skapt ytterlegare 400 innan 2010, sa Flåthen frå talarstolen.

I dag avsluttar LO-leiaren årdalsopphaldet med ein faglegpolitisk dag, med opne møter, omvisingar og bedriftsbesøk.

KUNNE SOLE SEG: Årdal-ordførar Arild Ingar Lægreid og LO-leiar Roar Flåthen i gårsdagens demonstrasjonstog. Til høgre Kristine Kopperud Timberlid, SV-politikar frå Høyanger, som tok turen til Årdal for å halde appell for dagen.

o apneseth