Lise Rakner og sonen Lars koste seg i kveldssola på trappa på Nordnes i går.

— Dette er herleg. Eg har site her ein heil time og lese avisa, medan Ringo-Lars her har hatt trommeundervisning inne, ler Lise Rakner.

Lars lar seg ikkje merke av at mor tergar han med gamle Beatles-heltar. Han er berre åtte år, og veit naturleg nok ikkje kven Ringo Starr er. Då BT møtte dei var sola i ferd med å gå ned.

— Dei som vil ha sol frå skyfri himmel må nok vente til søndag, seier Steinar Skare, meteorolog i Vervarslinga på Vestlandet.

Men sola kikkar likevel fram mellom lette skyar både i dag og i morgon. Ei varm vårsol blir også verande over helga, til og med tysdag. Det er den unisone meldinga frå meteorologane på Florida og Storm Weather Centre på Nøstet.

Sjølv om det blir godt og varmt i solveggen, er det framleis kaldt i skuggen. Om natta kan temperaturen kome heilt ned i ein plussgrad.

— Det vert mildare, temperaturen vil liggje kring 10-12 grader, og kan kome opp i femten grader einskilde stader, seier Camilla Holmebakken, meteorolog hjå Storm.

Lite vind, med bris frå sør og aust sikrar at sola får tak og varmar godt. I indre strøk vil temperaturane vere noko lågare, det kan også kome litt regn på laurdag.

— Vil finveret halde fram inn i påska?

— Det er det for langt fram for å seie noko om, no er det i allefall fint førpåskever, seier meteorolog Steinar Skare.

Odd Mehus