KJERSTI MJØR

Mindre grått, meir blått. Etter alt å døme kan vestlendingane sjå lyst på livet dei nærmaste dagane.

— Onsdag, torsdag og fredag ser det veldig fint ut. Med sol, opphaldsvér og bris omkring nord, fortel vakthavande meteorolog ved Vérvarslinga på Vestlandet, Karsten Eitrheim, til BT.

— Dagtemperaturane vil iallfall ligge rundt 15 grader, og nærme seg 20-talet i indre strók.

Det kan kome eit tilbakeslag i helga - men heldigvis av det kortvarige slaget.

— Laurdag eller sundag kan det bli vestleg vind og regnbyer, men dette gråvéret passerer i løpet av eit halvt døger, seier Eitrheim.

Kollegaen på Storm Weather Center spår også mykje sol og blå himmel dei nærmaste dagane. Men Inge Johannessen er meir optimist når det gjeld pinsen.

— Slik det ser ut no, er det 75 prosent sjanse for at det blir rimeleg godt vér heile pinsehelga, seier Johannessen, som er operativ meteorolog.

— Neste veke har elles Vest-Noreg og Nord-Noreg mest grunn til å vere optimistiske. Det er 60 prosent sjanse for at det blir mildare og finare vér her vestpå, mens det blir grått og trist i aust og søraust. For ein gong skuld er vi på rett side av fjella, legg Johannessen til.