Mange Ap-delegatar gjekk med blikket ned forbi kraftlinje-demonstrantar i Ulvik. Fleire av delegatane var inntil sist månad uttalte motstandarar mot mastene.

— Når Ap har lagt møtet sitt her, må vi vise kva vi meiner, seier Lars Helge Ljone, pressetalsmann for demonstrasjonen.

At avgjerda ikkje passar enkelte lokallag, visste vi Sveinung Valle, fylkesleiar

Hardanger møtt med krav

Inne i konferansesalen i Ulvik, kravde fylkesleiar Sveinung Valle full lojalitet frå partiets lokallag i Hardanger før haustens lokalval.

  • Vi skal no lage ein strategi for å snu ei utvikling. Men då krev Hordaland Ap at partilaga i Ulvik, Eidfjord, Ullensvang, Odda, Kvam og Granvin er med på laget, sa Valle.

Granvin Ap avgjorde å leggje seg ned måndag denne veka. Etter at fire ekspertutval la fram sine rapportar, snudde Hordaland Ap i februar og gjekk inn for å byggje luftlinje i Hardanger.

— At avgjerda ikkje passar enkelte lokallag, visste vi. Vi visste vi ville få utmeldingar. Vi har 32 kommuneparti i Hordaland, og vi vil aldri bli styrt av trugslar om nedlegging av verv og utmeldingar, sa Valle. Han hausta stor applaus frå salen.

- Høgt under taket

I si tale til årsmøtet, fekk lokallaga ros av partisekretær Raymond Johansen.

  • Utan Ulvik Ap, Granvin Ap og Kvam Ap, hadde det ikkje blitt ei grundig utgreiing av sjøkabling, sa Johansen.

Til BT seier Johansen at utgreiingane i seg sjølv var ein seier for lokallaga.

  • Vi gjekk til eit heilt uvanleg skritt. At kommunelag gjer at regjeringa set ned fire ekspertutval, skjer ikkje ofte, seier Johansen.

Han seier han ikkje forstår nedlegginga av Granvin Ap.

  • Det er trist. Arbeiderpartiet skal vere eit parti der det er høgt under taket. Melder du deg ut, mistar du påverknadskrafta, seier Johansen.

I fjor lanserte Johansen Arbeiderpartiet kystoffensiv for å lokke fleire veljarar på Vestlandet.

Sidan kom fleire vanskelege vestlandssaker som hardangermaster, nedlegging av lokalsjukehus og den utsette lagnaden til Fedjeubåten.

Hjelperop

Partisekretæren innrømmer at ikkje alt har vore like lett.

  • Det har vore tøft. Men med makt, kjem dei vanskelege sakene, seier Johansen.

Kjartan Fjelde, leiar i Ulvik Ap, meiner det blir uproblematisk å følgje partilinja. I sommar truga partilaget med å leggje ned verva sine.

  • Det var ein reaksjon på prosessen og eit rop om hjelp, seier han.

Fjelde stemde mot då representantskapet i Hordaland Ap sist månad snudde i synet på luftspenn.

  • Det var skuffande. Men eg respekterer at fylkeslaget har lest ekspertutvala sine rapportar med andre briller enn eg, seier Fjelde.

- Korleis blir det å drive valkamp for Hordaland Ap?

  • Mastene er ei enkeltsak, som inneber store kjensler. Men eg bryt ikkje med resten av det Arbeiderpartiet står for av den grunn, seier Fjelde.