I går ettermiddag. To glade jenter i vårsola ved kyrkjeberget på Leirvik. Eit spontanopphald på ein sitjebenk på veg heim frå skulen.

— Det såg så romantisk ut med endene på sjøen. Me måtte berre stoppa, seier Tania Del Pino.

— Vinteren har berre vore snø og regn, snø og regn. Når så omslaget kom, fekk eg lyst til å bada, seier Lin Therese Tjelta. Og ler. For bading blir det ikkje enno, i fjor debuterte ho i april.

Linn Therese og Tania går i første klasse helse og sosial på Fitjar vidaregåande skule. I går hadde dei fri dei to siste timane, og valde å gå heim frå busshaldeplassen på Leirvik.

— Me går forresten ofte tur i lag. Ingen ting er som å spasera i dette vêret, seier dei to venninnene.

Turgåing og nyting av våren vil det bli rikeleg høve til heile denne veka. Varmande solstråler og temperaturar på mellom seks og åtte varmegradar, er glagmeldinga frå meteorologane. Eit høgtrykk vil liggja stabilt over Skandinavia fram til torsdag og fredag. Det gir sol frå skyfri himmel og søraustleg bris,

— men på kysten og utsette stader kan det bli liten til stiv kuling, seier vakthavande meteorolog Anna Reistad ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Dei milde dagtemperaturane til trass. Om natta gjeld det å dra vinterdyna godt over nasen. Frostnettene held nemleg fram.

Sjølv om sola varmar, er det berre vestlandsk optimisme som kan få oss til å snakka om varmerekordar i mars.

— Temperaturane må atskilleg meir opp for at me skal kunne snakka om ein rekordtidleg vår, seier Stein Kristiansen, førstekonsulent ved Klimaavdelinga til Meteorologisk institutt i Oslo.

Dei første sju dagane i mars har vore ganske kjølige. Ved Florida har middeltemperaturen vore på 2,8 gradar. I rekordåret 1991 låg snittet for heile månaden på 5,4 gradar.

— Og då er det enno eit stykke att til 17. mars 1972. Den dagen blei det målt 16,1 gradar på Florida, seier Kristiansen.

Til helga er prognosane for Vestlandet meir usikre. Det kan bli mykje vind når eit lågtrykk kjem frå Irland og inn over Nordsjøen fredag.

VINTER TIL ENDE: Tania Del Pino t.v. og Linn Therese Tjelta måtte berre ta eit avbrekk saman med endene på kyrkjeberget på Leirvik i det fine vårvêret i går.<br/> FOTO: OVE ARNE OLDERKJÆR